På E 39 ved Hagen mellom Ørsta sentrum og Festøy gjennomførte rundt 30 tenestemenn frå politiet ein kontroll av alle køyrety mellom klokka 10.00 – 20.00 saman med ti representantar for Statens Vegvesen og to frå Toll-etaten.

På E 39 på Bergsøya i Gjemnes mønstra politiet også 30 tenestemenn i ein kontroll av alle køyrety i perioden frå klokka 12.00 – 19.00 saman med 10 fra Statens Vegvesen.

I Ørsta vart tilsaman 2068 køyrety kontrollerte. Berre ein av førarane fekk utslag på ruskontrollen og fekk beslaglagt førarkortet på staden.

19 vart bøtelagde fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet. Medan 22 køyrety vart avskilta fordi det låg føre krav om avskilting. Hovudsakleg på grunn av manglande forsikring, årsavgift og EU-kontroll.

- Vi er godt nødge med at berre ein førar var mistetenkt for køyring i rusa tilstand. På minussida dei mange avskiltingane på grunn av manglande forsikring, årsavgift eller EU-kontroll og at så mange som åtte førarar fekk førelegg fordi dei køyrde med sota sidevindauge, seier politiførstebetjent Steven Blindheim som er politiets trafikkoordinator på Sunnmøre.

Også i Gjemnes var det fokus på rus-kontroll. Men av tilsaman 3500 testa bilførar mellom klokka 12.00 og 19.00, vart berre ein mistenkt for køyring i narkotika-rus.

- Dette er strålande, seier politispesialist Kjellbjørn Riise Johansen som koordinerte politiets del av kontrollen på Bergsøya.

Han seier elles at køyretya er i generelt god stand. - Kontrollen ga eit utelukkande positivt resultat, konkluderer politispesialisten.

To førarar vart melde for å køyrt utan førarkort,, medan to vart melde for å ha hatt overlast. Dessutan vart det to gebyr for dårlege dekk, 10 fekk mangellappar og ni køyrety vart avregistrerte av forskjellige grunnar.