Kvalitative tiltak

Til no har det for det meste vore snakk om strukturdelen av politireforma. Denne er no ferdig avgjord og vert implementert suksessivt framover. No startar iverksetting av tiltaka i den kvalitative delen ved reforma. I 2017 er fylgjande funksjonar prioritert:

  • Felles tenestekontor: Eininga skal prioritere og planlegge ressursar saman med lokale tenesteeiningar og driftseiningar.
  • Etterretning: Politiet skal bli betre på å analysere og forstå utfordringane i kriminalitetsbilete sentralt og lokalt.
  • Politipatruljen: Politipatruljane skal ved hjelp av kompetanse og teknologi kunne gjere fleire arbeidsoppgåve utanfor kontorstaden.
  • Felles straffesaksinntak: Funksjonen vil gi etterforskingsleiing allereie i starten av ei sak og skal også samstundes gje likare prioriteringar av, og raskare avgjerder i, den enkelte straffesak.
  • Operasjonssentral: Operasjonssentralane i dei gamle distrikta vert slått saman. Politiet skal bli betre både på styringa av den daglege tenesta og kriseleiing.
  • Politikontakt: Skal saman med politiråda sørgje for god samhandling med kommunane.

Politikontakt = Kriminalitetsforebygging

Politikontakten er meint å vere ein ressurs og funksjon innan kriminalitetsførebygging. Politikontakten skal sørgje for oppfølging av kriminalitetsførebyggande planar og politiet si nærpolitirolle, samt vere ein pådrivar for at politiråd og SLT-samarbeid fungerer godt. Politikontakten skal vere det viktigaste utøvande kontaktpunktet for dei ulike aktørane i kommunane. Kvar kommune skal ha ein politikontakt, seier politimeister Kaare Songstad, Vest politidistrikt.

Mellombelse politikontaktar og start av ny organisasjon

Vest politidistrikt styrer mot start av ny organisasjonsstruktur 1.januar 2018. Ei av dei fyrste oppgåvene som dei nye lensmanns- og politistasjonsdistrikta skal ta til med, er innkalling til politiråd. Her skal det lagast nye og gjensidig bindande samarbeidsavtaler som også omtalar politikontakt og SLT-koordinator sine rollar.

Sjølv om politiet er midt i ein omorganiseringsprosess er det fatta avgjerd om at ordninga med politikontaktar skal setjast i verk allereie frå 15. juni 2017. På den måten blir politidistriktet rigga med eit formalisert kontaktnettverk mot kommunane i ei tid aktivitetsnivået er høgt internt i politiet og behovet for tett kontakt med kommunane er viktig. På grunn av omorganiseringa er difor kven som skal ha oppgåva som politikontaktar mellombels. Det vil etterkvart som den formelle plasseringa av medarbeidarane i ny organisasjonen er ferdigstilt, også peika ut faste politikontaktar.

Trygge lokalsamfunn

Målet med politireforma er trygge lokalsamfunn både i by og bygd. Politiet skal jobbe meir kunnskapsstyrt for å bli eit meir tilgjengeleg og tilstade verande politi med lokal forankring og samhandling. Difor er den formaliserte funksjonen som politikontakt viktig for å oppnå dette.

  • Nærpolitireform