Vegen vart stengt ved Rjånes klokka 06.42 torsdag morgon etter at det det hadde gått eit steinsprang ned på vegen. All trafikk mellom Søre Sunnmøre og Nordre Sunnmøre vert no dirigert over ferjesambandet Hareid – Sulesund.

Det er godt skilta alle stadar og Statens vegvesen har sine folk på ferjekaiene for å hjelpe med å dirigere den auka trafikken.

- Vi er avhengige av ei vurdering frå geologen si side og vi veit ikkje kor lang tid han vil bruke for å skaffe seg grunnlag for å vurdere situasjonen. Difor ber vi trafikkantane belage seg på at vegen er stengt på ubestemt tid, seier operasjonsleiar Finn Harald Saltskår i Møre og Romsdal politidistrikt.