- Det er bra at senteret no blir ein del av politiet og at vi blir ein del av tilbodet som politiet gir ofre for integritetskrenkande kriminalitet. Her får vi jobbe i eit godt og kompetent fagmiljø som gjer oss i stand til å yte god hjelp til dei som treng det, seier Sonja Auestad, rådgjevar for Støttesenter for kriminalitetsutsette i Vest politidistrikt.

Bakgrunnen for overføringa av offeromsorgskontora til politiet er regjeringa sitt ønskje om å styrke offeromsorga. Alle dei 12 politidistrikta i landet har fått, eller skal i løpet av 2017 få overført senteret til sine respektive politidistrikt. Gjennom å plassere støttesentra hos politiet vil ofre få hurtigare oppfølging av personar som har god kunnskap om saken deira. Hovudmål gruppa for støttesenteret er personar som er utsett for vold, seksuelle overgrep og anna krenking av personleg fridom.

Betre støtte

Støttesenteret skal gi voldsofre psykososial støtte, oppfølging, informasjon og rådgjeving gjennom heile straffesakskjeda og skal lose brukerane til profesjonell hjelp både i kommunalt og statleg tenesteapparat. Ofre for kriminalitet skal på denne måten i større grad enn tidlegare få den nødvendige støtta som er nødvendig for å stå i ein straffesak til den er ferdig behandla.

Under seksjon for etterforsking av alvorleg vald og seksuallovbrot
Støttesenter for kriminalitetsutsette vil organisatorisk ligge under seksjon for etterforsking av alvorleg vald og seksuallovbrot.

 

Faktaboks:

Støttesenter for kriminalitetsutsette har følgjande hovudmål:

1) At fleire vel å melde forhold

2) At fleire står gjennom heile prosessen fra å melde til saka er avgjort

3) At fleire kjem seg raskare vidare i livet

4) At talet på ofre som "fall utanfor samfunnet" blir redusert.