Ei ung kvinne vart overfalt på eigen bopel natt til søndag 3. desember. Politiet ynskjer tips frå dei som har vore i Volda sentrum natt til søndag.

- Politiet er spesielt interessert i tips om ein person som hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Tips, kan ringast inn til politiet på telefon 02800 / 70118700.

 

- Det er viktig at dei som kan ha vitneobservasjonar eller tips til oss, kjem med desse så raskt som mogleg.

Kvinna er tatt hand om. Politiet etterforskar den grove kroppskrenkinga av henne breidt. I ettermiddag er det blant anna utført taktisk etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar.