Lensmannskontor blir lagt ned

 

Følgjande lensmannskontor blir lagt ned:

  • Selje lensmannskontor blir slått saman med Eid lensmannskontor. Siste opningsdag er 21. desember.
  • Jølster lensmannskontor blir slått saman med Førde og Naustdal lensmannskontor.
  • Balestrand lensmannskontor blir slått saman med Høyanger lensmannskontor. Siste opningsdag er 28. desember.
  • Hyllestad lensmannskontor blir slått saman med Fjaler lensmannskontor. Siste opningsdag er 18. desember.
  • Samnanger lensmannskontor blir slått saman med Kvam lensmannskontor. Siste opningsdag er 20. desember.
  • Ulvik lensmannskontor blir slått saman med Voss lensmannskontor. Siste opningsdag er 19. desember.
  • Vaksdal lensmannkontor blir slått saman med Voss lensmannskontor. Siste opningsdag er 21. desember.
  • Gaular lensmannskontor blir slått saman med Førde og Naustdal lensmannskontor. Gaular lensmannskontor blir lagt ned frå 1. februar 2018.
  • Askvoll lensmannskontor blir slått saman med Fjaler lensmannskontor og blir lagt ned frå 1.mars 2018.
  • Jondal lensmannskontor blir slått saman med Hardanger lensmannskontor og blir lagt ned frå 30. mars. Siste opningsdag blir 22. mars.

Nærliggande lensmannskontor tek over ansvaret

Næraste lensmannskontor tek som sagt over ansvaret for dei kommunane som får lensmannskontoret lagt ned. I tillegg er politikontakten eit viktig supplement til lensmannskontoret. Ordninga med politikontakt for alle kommunane i landet blei etablert som fast ordning i juni 2017, og er gjort kjent i kommunen og lokalmiljøet. Den viktigaste jobben til politikontakten førebyggande arbeid.

Viktig rolle

Politikontakten er ein viktig rolle i dei nye politidistrikta. Personen som har denne rolla er tenesteeininga sitt kontaktledd med kommunane og rådgivar innan førebygging av kriminalitet. Politikontakten skal følgje opp at politiet har nødvendig kontakt med kommunane som høyrer til tenesteininga , og har ansvar for at anbefalingar i SLT og politiråd vert følgt opp i politidistriktet.

Påverkar ikkje beredskapen

Sjølv om desse kommunane ikkje lenger har lensmannskontor, er det viktig å presisere at den nye ordninga ikkje vil påverke beredskapen. Alle ordensoppdrag som gjeld kvar enkelt kommune blir handtert av gjeldande lensmannsdistriktet.

Meir tid ute

Nærpolitireformen handlar om at politiet skal bli endå betre på å skape tryggleik der folk bur og ferdast i det daglege. Politiet skal vere operativt, synleg og tilgjengeleg. Eit politi som skal ha kapasitet til å førebygge, etterforske og påtale kriminelle handlingar, og som skal sikre innbyggjarane tryggleik der dei bur. For å få det til må vi flytte ein del ressursar frå kontor med avgrensa opningstid til å vere tettare på innbyggjarane og kriminaliteten. Sjølv om lensmannskontoret forsvinn skal politiet framleis vere til stades. Fleire patruljar skal ut på vegen og politibilane skal ha utstyr som gjer det mogleg å starte etterforsking på staden og gjere nødvendige avhøyr.

Bakgrunn

I samband med Nærpolitireformen er det vedteke at det skal leggjast ned 126 tenestesteder i landet. Dei 12 politimeistrane har sjølv vore beden om å gi sin innstilling til kva kontor som skal leggjast ned. I Vest er det vedteke at 15 av politidistriktet sine 46 tenestesteder skal leggjast ned.

Som ein del av reforma er det peika ut 6 hovudfokus område som skal effektivisera politiarbeidet, og betre det totale polititilbodet til publikum. Dei 6 hovudfokusområda er:

  • Politiråd og politikontakt som skal gje eit tettare samarbeid mellom politi og kommune.
  • Tenestekontoret som skal utarbeide kunnskapsstyrte tenestelister der ein ser heile distriktet under eit for å optimalisere vakt og beredskap.
  • Politipatruljen som skal gjera meir av politiarbeidet ute blant publikum med ny teknologi og høgare kompetanse, slik at vi får eit meir effektivt politi og raskare sakshandsaming.
  • Operasjonssentralen som styrer alle operative ressursar (politibilane) i heile distriktet (Hordaland og Sogn & Fjordane) der ein ser dei operative oppgåvene under eit.
  • Felles straffesaksinntak betyr at det er dei same tenestemennene og politijuristane som går gjennom alle politisakene og som bestemmer kva saker som skal prioriterast og ikkje prioriterast. Dette skal effektivisera straffesakshandsaminga og på den måten syte for at alvorlige straffesaker får den prioritet som ein kan venta.
  • Etterretning skal heva kunnskapen om kvar og når straffbare handlingar skjer, oppdage straffbare handlingar på eit tidlig tidspunkt, slik at vi kan styre innsatsen til område og tider der behovet er størst.