Til saman 84 prosent av dei spurde i Møre og Romsdal seier at dei har "svært stor" eller "ganske stor" tillit til politiet. Det tilsvarande talet for 2015 då Møre og Romsdal vart drive som to politidistrikt var 78 prosent. Året etter – første driftsåret som eit distrikt i fylket – auka det til 79 prosent.

Ipsos som har gjennomført undersøkjinga, opplyser at ei endring i denne storleik, er såkalla signifikant. Det vil seie at endringa er reell og ikkje tilfeldig.

Møre og Romsdal har berre tre politidistrikt føre seg på denne tillits-statistikken.

- Undersøkjinga gjev ikkje noko forklaring på endringane, men når endringane er så store må det vere ein grunn til det. Eg trur at publikum har merka dei grepa vi har gjort i arbeidet med å gjennomføre kvalitetsreforma, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal.

Men det er ikkje berre i vårt distrikt at tilliten til politiet er aukande. Den landsomfattande delen av undersøkinga viser at tilliten i 2017 vart målt til 83 prosent. Ein auke på 2 prosentpoeng i høve til fjoråret og 3 prosentpoeng i forhold til 2015.

Ipsos-undersøkjinga spør også om kor trygge folk kjenner seg der dei bur og ferdast. Der svarar heile 96 av dei spurde i Møre og Romsdal at dei er "meget trygge" eller "ganske trygge". Berre eitt politidistrikt i Norge oppnår eit prosentpoeng betre resultat enn Møre og Romsdal.

Men det er små skilnader i tryggleikskjensla i Norge og landsgjennomsnittet er på 96 prosent og dette er ein prosentpoeng høgare enn i fjor og to prosentpoeng høgare enn for to år sidan.

Dei spurde i Møre og Romsdal oppfatta det også som at politiet er synleg. 60 prosent av dei svarar "heilt enig" eller "delvis enig" i påstanden "Politiet er regelmessig synleg i ditt lokalområde". Dette gjev ein fjerde plass mellom politidistrikta i Norge.

Gjennomsnittet for heile landet er 58 prosent.

Møre og Romsdal politidistrikt vert oppfatta som det mest tilgjengelege i heile landet. Av dei spurde i undersøkjinga svarte 82 prosent at dei er "heilt enig" eller "delvis enig" i påstanden "Det er lett å komme i kontakt med politiet".

Gjennomsnittet for heile landet er 79 prosent.

Politiet i Møre og Romsdal opplever ikkje den same oppslutninga når det vert spurt om responstid. Berre 55 prosent seier at dei er "heilt enig" eller "delvis enig" på spømålet om "Politiet kjem raskt til staden ved behov for akutt hjelp". Her kjem distriktet også dårlegare ut enn landsgjennomsnittet på 56 prosent.

- Dette er ikkje overraskande. Våre eigne målingar viser også at vi her har ein jobb å gjere. Det handlar først og fremst om geografi. Oslo toppar ikkje uventa denne oversikta, medan Nordland og Finnmark ligg på botn saman med Innlandet som femner om Hedmark og Oppland. Vi held målsetningane vår når det gjeld utrykningstida i byane og dei største bygdesentra, men slit i utkantane. Samordninga av den operative tenesta til ein operasjonssentral – slik vi fekk tidlegare i haust – skal gi ei meir effektiv styring av ressursane. Vi er også i ferd med å auke bemanninga i distriktet som skal gje fleire patruljar og ei meir omfattande polititeneste i heile distriktet. Dertil aukar vi no talet på politibåtar. Dessutan er vi no i ferd med å inngå ein avtale med Redningsselskapet om å bruke deira farty til transport av mannskap, seier politimeister Ingar Bøen.