Stor auke i talet på seksuallovbrot

Det har vore ein auke i talet på seksuallovbrot på 26,7 % frå 2016 til 2017.

Det blei registrert 203 valdtektssaker i 2017, ein auke på 17,3 % frå året før. Talet inkluderer også forsøk på valdtekt. Det er ikkje mogleg ut frå tala å seie om det er ein reell auke eller om fleire har valt å melde lovbrota til politiet.

Det er fortsatt ein kraftig auke i talet på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn. Dette gjeld barn i alle definerte aldersgrupper: under 16 år, under 14 år og under 10 år. For disse gruppene blei det registrert 392 saker i 2017 mot 236 i 2016, ein auke på 66 %. Samanliknar ein med talet for 2015 (155 saker) har det i løpet av dei siste to åra vore ein auke på ca. 153 %.

Ein vonar at auka fokus på seksuallovbrot mot barn mellom anna gjennom media og OP Dark Room gjer at fleire står fram og melder slike lovbrot og at den auka innsatsen frå politiet kan verke førebyggjande overfor potensielle lovbrytarar.

Færre tilrettelagde avhør

Det har vore ein nedgang på 13 % i talet på gjennomførte tilrettelagde avhøyr av barn og personar med psykisk utviklingshemming siste året. Vest politidistrikt gjennomførte 520 tilrettelagde avhøyr i 2017, mot 599 i 2016.

Stor vekst i saker med gjerningsperson under 18 år

Talet på påtaleavgjorde saker der gjerningspersonen er under 18 år er langt høgare i 2017 enn året før, med ein auke frå 1 169 til 1 587 saker. Vest politidistrikt har nytta ungdomsstraff ved 3 tilfelle og ungdomsoppfølging i 39 av desse sakene.

Nedgang i vinningskriminalitet totalt

Det er ein fortatt reduksjon i vinningskriminaliteten samanlikna med tidlegare år. Totalt ble det i fjor registrert 10 102 vinningslovbrot, mot 10 934 saker i 2016. Dette er ein nedgang på 7,6 %, også på landsbasis er det nedgang i denne kriminalitetstypen.

Samstundes er tjuveri og grove tjuveri frå bustad eit problemområde. Talet på denne typen meldingar til politiet har auka.

Talet på ran og utpressingssaker er kraftig redusert dei siste åra, og denne utviklinga fortsett i 2017.

Vekst i sivile saker

I 2017 kom det inn til saman 60 310 saker innan den sivile rettspleie i Vest politidistrikt, mot 55 927 året før, ein vekst på 7 %. Det er i det vesentlige ein fortsatt auke i krav om utlegg som gir vekst i talet saker totalt.

Talet på søknader om gjeldsordning er det same som for 2016 mens talet på forliksklager har dei siste åra vist ein nedgang. Talet på forkynningar har og gått noko tilbake i 2017.