Tysdag denne veka vedtok eit samrøystes tilsetjingsråd i Vest politidistrikt kven som skulle få tilbod om 13 leiarstillingar.

– Det var eit spennande møte. Det er ikkje kvar dag vi tilsett så mange leiarar på så høgt nivå, seier politimeister Kaare Songstad.

Ny organisasjon klar

Tilsetjingane kjem som følgje av omorganiseringa i samband med politireforma. I tillegg til kvalitetsheving og nye måtar å jobbe på, er omorganisering og ny organisasjonsstruktur ein del av reforma. Ny organisasjon for Vest politidistrikt går i endeleg drift 1. mars.

– Alle tilsette i politidistriktet har fått vite kor dei skal jobbe i ny organisasjon. No byrjar den nye strukturen å fyllast med leiarar. Eg ser fram til å fortsetje arbeidet med å vidareutvikle politidistriktet for å møte framtidas utfordringar, seier politimeister Songstad.

Desse personane har fått tilbod om følgjande leiarstillingar:

Driftseining Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden

  • Politiinspektør med funksjon som dagleg leiar for Bergen sentrum politistasjon:
    Lars Morten Lothe (48 år), Fyllingsdalen. Kjem frå stillinga som konstituert leiar for PST Vest. Han har bakgrunn mellom anna som seksjonsleiar ved ordensseksjonen ved Bergen vest politistasjon, avdelingsdirektør i NAV Hordaland og politiadvokat.
    Utdanning: Politi og jurist
  • Politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Bergen nord politistasjonsdistrikt:
    Trond Sekkingstad (45 år), Bergen. Kjem frå stillinga som politiinspektør i Politidirektoratet. Fungerte som visepolitimeister i Sør-Vest politidistrikt i 2016-2017. Har også hatt ulike leiarstillingar i politiet, forsvaret og som advokat i det private næringsliv.
    Utdanning: Jurist
  • Politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Bergen sør politistasjonsdistrikt:
    Bård Tore Norheim (54 år), Bergen. Har fungert som driftseiningsleiar ved Bergen sør politistasjon sidan 2016. Har bakgrunn mellom anna frå hundetenesta og som innsatsleiar i Bergen, seksjonsleiar i Bergen vest og politiinspektør i Politidirektoratet.
    Utdanning: Politi
  • Politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Bergen vest politistasjonsdistrikt:
    Monica Johannessen Mørk (40 år), Godvik. Har det siste året fungert som seksjonsleiar for Ungdomsseksjonen i Vest politidistrikt. Har vore fagsjef for politiets førebyggande arbeid i Sotra, Askøy og Øygarden lensmannskontor.
    Utdanning: Politi
  • Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt:
    Torgils Lutro (52 år), Godvik. Kjem tilbake til politiet etter å ha jobba som avdelingsdirektør ved Nav Kontaktsenter Hordaland frå 2009. Tidlegare lensmann på Askøy og Fjell, Sund og Øygarden.
    Utdanning: Politi

Driftseining Hordaland

  • Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Kvam, Fusa og Tysnes:
    Terje Sperrevik (55 år), Os. Har vore lensmann i Kvam og Samnanger sidan 2013.
    Utdanning: Politi og jurist
  • Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Kvinnherad lensmannsdistrikt (vikariat):
    Sigurd Børve (55 år), Uskedalen. Har vore ved Kvinnherad lensmannskontor sidan 1985 i ulike stillingar, mellom anna som lensmann i 2008-2010.
    Utdanning: Politi
  • Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Nordhordland lensmannsdistrikt:
    Kjell-Idar Vangberg (58 år), Alversund. Har hatt vikariat som lensmann i Nordhordland sidan 2014 og går no inn i fast stilling. Tidlegare lensmann på Radøy lensmannskontor og Austrheim og Fedje lensmannskontor.
    Utdanning: Politi
  • Felles eining for etterretning og etterforsking:
    Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for etterretning:
    Are Sangolt (48 år), Søreidgrend. Har det siste året fungert som seksjonsleiar ved administrativ stab og nestleiar ved Bergen sentrum politistasjon. Har erfaring både frå ulike leiarstillingar både i politiet og det private næringslivet.
    Utdanning: Politi
  • Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid:
    Odd Arve Solvåg (50 år), Florø. Kjem frå stillinga som leiar for fellesoperativ eining i Sogn og Fjordane.
    Utdanning: Politi
  • Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet:
    Rune Fremstad (62 år), Fyllingsdalen. Har lang erfaring som leiar i politiet. Har fungert som seksjonsleiar ved seksjon for organisert kriminalitet sidan 2006.
    Utdanning: Politi
  • Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for straffesaksinntak:
    Esther Klubben (44 år), Brattholmen. Har det siste året vore prosjektleiar for felles straffesaksinntak i Vest politidistrikt. Har bakgrunn som politibetjent og avsnittsleiar ved Straksetterforskingsavsnittet.
    Utdanning: Politi
  • Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for etterforsking av økonomi, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet:
    Frode Karlsen (42 år), Strusshamn. Kjem frå jobben som leiar ved økonomiavsnittet i Bergen. Han har leiarererfaring både frå forsvaret og politiet.
    Utdanning: Politi

Ingen av kandidatane har formelt takka ja til stillingane enno. Det kan difor komme endringar.

Kontaktpersonar

  • Leiar for Hordaland driftseining: Jan Ludvik Fosse (97710678)
  • Leiar for Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden driftseining: Olav Valland (99207756)
  • Leiar for Felles eining for etterretning og etterforsking: Helge Stave (48886342)
  • Politimeister Kaare Songstad (ring pressetelefon 48898811)