Illustrasjon namsmannsfunksjon

Namsmenn vert:

  • Bjørn Fiske - namsmann i driftsening Nordmøre
  • Per Karstein Røv - namsmann i driftseining Romsdal
  • Guttorm Hagen - namsmann i driftseining Søre Sunnmøre
  • Thomas Hammervold - namsmynde for kommunane i driftseining Nordre Sunnmøre og med fagansvar sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt.

Kvart namsdistrikt har ansvaret for namsmannsoppgavene i sitt geografiske område. Sjølv om namsmannen har adresse fire plassar i politidistriktet, har kvar namsmann personell som kan arbeide med dei sivilrettseige gjeremål ved alle lensmannskontor.

Publikum kan levere begjæringar, forliksklager, søknad om gjeldsordning og få rettleiing i sivilrettslige gjeremål ved alle politistasjonar og lensmannskontor. Tenesta kan utførast enten i direkte kontakt med sakshandsamar på staden eller via telefon om det høver betre.

Avgjort av politidirektoratet i  mars 2018

Politidirektoratet beslutta at politidistriktet skal vere delt i fire namsdistrikt. Dette var også politimeisterens tilrådning om grenseregulering av namsdistrikta i Møre og Romsdal og om å opprette Ålesund namsfogddistrikt.

Før tilrådninga vart ferdigstilt har det vore gjennomført ein prosess der både tilsette/fagmiljø og arbeidstakarorganisasjonane har vore involvert. Tilrådinga var på ein seks vekes høyring hjå alle kommunane i fylket.

Kommunal informasjon

18-03-21 Brev om ny organisering av den sivile rettspleien i Møre og Romsdal politidistrikt - send til kommunene i politidistriktet (430 kB)

(EAT)