KRONIKK

Når kriminaliteten endrar seg har vi vorte nøydde å fylgje etter, slik at vi no har ein organisasjon som er bygd for å møte framtidas utfordringar og dermed gje folket i Møre og Romsdal endå betre tenester.

Frå 1.1.2016 vart det teikna eit nytt kart over politi-Norge og 12 nye politidistrikt vart sette i drift. Alle distrikta har dei siste to åra arbeidd med å organisere seg og alle skal i løpet av dei første seks månadane av 2018 legge på plass den siste steinen i byggverket. Ein ny og meir effektiv organisasjon er ein føresetnad for å levere i ei betre polititeneste.

Mange har vore uroa over at det lokale lensmannskontoret vert lagt ned. Vårt bodskap har vore at det ikkje er kontoret i seg sjølv som skaper tryggleik i lokalsamfunna. På same måten som tida har innhenta strukturen for skular, postkontor, skattekontor m.v. har også tida innhenta strukturen til politiet. Når vi no legg ned ein del lensmannskontor og omstrukturerer organisasjonen vår er det utelukkande med eit ynskje om å levere betre tenester for publikum.

Kvalitet er grunnleggande intensjon

Men arbeidet med politireforma har berre så vidt starta. Framover skal vi arbeidet med å løfte kvaliteten på polititenesta i tråd med dei grunnleggande intensjonane i det reformarbeidet som tok til tidleg i 2016.

Vi må vedgå at fokuset vårt dei to siste åra har vore mykje retta mot korleis den framtidige organiseringa av arbeidet i distriktet skulle vere. Men vi har også fått gjort ein god del for å løfte kvaliteten. Eg tenkjer i første rekke på det som vi internt kallar "Politiarbeid på staden". Fleire hundre politifolk i fylket har gjennomgått eit omfattande kursprogram som set dei i stand til å rykke ut til ei trafikkulykke og gjennomføre nesten all etterforsking ute på ulykkesstaden. Bilder og video vert sendt inn til operasjonssentralen frå smarttelefonar eller nettbrett og same vegen går lydfiler med opptak av alle avhøyr.

Kjem alle partar til gode

På den måten slepp vitne å møte fram på lensmannskontor eller politistasjon nokre dagar seinare. Dessutan er kvaliteten på eit lydavhøyr teke rett etter hendinga meir å stole på enn eit avhøyr som vert gjennomført dagar eller veker etter hendinga. Ein annan effekt er at politiet får frigjort kapasitet når ein slepp å ta att dette arbeidet på eit seinare tidspunkt.

Denne arbeidsmetoden inneber ei fantastisk effektivisering og kvalitetsheving som kjem alle partar til gode.

Parallelt med utviklinga av organisasjonen har vi også greidd å sette av ressursar til arbeidet med "etterforskingsløftet" der ein ser på innføring av ny, moderne arbeidsmetodikk, system og arbeidsreiskaper som skal gje etterforskingsfaget eit løft.

I same andedrag kan eg nemne etableringa av den nye operasjonssentralen i fjor haust – som resulterte i ei omfattande oppgradering med omsyn til teknisk utstyr, men også ei styrking av personellsida med fleire på jobb døgnet rundt og omfattande kurs av mannskapa.

Prioriterte nøkkelfunksjonar

Politi over heile landet skal dei komande to åra først og fremst konsentrere seg om å utvikle seks utpeika nøkkelfunksjonar: Politipatruljen, etterretning, operasjonssentralen, felles tenesteplanlegging, politiråd og politikontakt og felles straffesaksinntak.

Vi høyrer frå tid til anna at kritikarar til reforma seier at dei ikkje har sett ei endring i politiet. Dei har ikkje sett fleire politifolk ute, fleire politipatruljer m.v. Vårt svar er at ein gjer politireforma urett viss ein startar evalueringa medan vi er i oppbyggingsfasen. De må gje oss tid til på kome i gang og vi må la politireforma få virke før vi avseier dommen. Det vil vere naivt å tru at vi treff innertiar på første skot. Vi ser ikkje for oss at vi ikkje må justere langs med, men hovudmålet står fast. Det er at vi skal levere eit endå betre politi.

Min tanke er at politiet for å lykkast må ta vare på det vi er gode til, og samtidig utvikle betre og meir effektive måtar å løyse oppgåvene på, jobbe endå meir basert på kunnskap, vere i forkanta av kriminaliteten og bruke ressursane betre.

Politiet arbeider no med å ferdigstille den nye nasjonale strategien for kriminalitetsførebygging. Dei nye arbeidsmetodane som vi tek i bruk bygger på at førebygging er politiets primærstrategi for å sikre tryggleik , lov og orden. Eit styrka etterretningsarbeid og tettare samarbeid med kommunane lokale aktørar, er viktige element i satsinga på førebygging. I vår nye organisasjon har vi etablert eigne einingar for førebygging.

Meir enn 100 fleire politifolk

Vi har blitt meir enn 100 fleire politifolk i Møre og Romsdal i løpet av dei siste fem åra. Trass i effektivisering , kompetanseheving og utnytting av moderne teknologi, må det harde prioriteringar til i kvardagen. Med den samfunnsforma som er rådande i den vestlege verda vil politiet aldri kunne løyse alle utfordringane vi står overfor. Verdiar står mot kvarandre. Vi ynskjer mykje ressursar til politiet, men vi ynskjer ikkje at alle samfunnsressursane skal gå til politiet. Samfunnet skal bruke ressursar på meir enn politiet. Vi ynskjer oppklaring, men vi ynskjer ikkje eit samfunn som er prega av total overvaking. Kravet vi gir oss sjølve er at vi skal få best mogleg og mest mogleg polititeneste ut av dei ressursane som samfunnet gir oss. I denne situasjonen må politiet foreta ei streng prioritering. Vi må prioritere den alvorlegaste kriminaliteten og særleg den som råkar barn, unge og utsette grupper.

Ambisjonane i politireforma er høge og det er umogleg å leve opp til dei utan at det går ut over noko. Men det korkje bør eller skal vere slik at politiet skal vere i stand til løyse alle utfordringar.

Ingar Bøen

Politimeister, Møre og Romsdal