Sea King. Politistudentar heises inn i maskinen.
Politistudentar vert heist inn i maskinen. Bli student i Møre og Romsdal politidistrikt - her gir vi deg spennande utfordringar!
FotoPolitiet (Greger).

Det var 21 politistudentar frå Nordmøre og frå Romsdal som deltok. Dagen starta på politistasjonen i Kristiansund med helse, miljø og sikkerheit (HMS), og dei gjekk gjennom detaljane/momenta politistudentane skulle vere del av denne dagen.

Kystvakta - KV Njord

KV Njord venta nedanfor politistasjonen på kaia i Kristiansund. Innsatsleiing, politistudentane og praksisansvarlege  vart godt mottekne av skipssjef kapteinløytnant Fredrik Synnes og nestkommanderande kapteinløytnant Jørgen Wallem. Fyrst var det brief, seinare god tid til omvisning. Til slutt vart politistudentane med ut både i  "Springer" (mann-over-bord-båt) og HPB'en (Hurtiggåande patruljebåt).

Redningshelikopter - Sea King frå Ørlandet 

Etter lunch kom Sea King redningshelikopteret frå Ørlandet. Seks av politistudentane var plukka ut for å bli heist ombord i redningshelikopteret. Fire vart heist opp frå sjøen og to frå akterdekket på KV Njord.

Etter at dei seks studentane var heist opp i helikopteret, sette KV Njord kursen tilbake til Kristiansund og kaia der redningshelikopteret hadde landa. Her var det sett av tid til omvisning og brief av fartøysjef kaptein Morthen Holm. Han framheva det gode samarbeidet som dei har med politiet i redningsoppdrag.

Politiet ynskjer å takke mannskapa ombord på Sea King redningshelikopteret og KV Njord som bidro. Dette viser ånda i redningsfaget der politiet samvirkar med to store aktører innan Sjøredning.

Kystvakta - KV Njord i Dalasundet.
Kystvakta - KV Njord i Dalasundet. Politistudentane fekk blant anna vere med ut i "Springer" (mann-over-bord-båt).
FotoPolitiet (Greger).
Redningsaksjon - seks politistudentar testar
Studentlivet i Møre og Romsdal politidistrikt byr på utfordringar. Bli student i Møre og Romsdal politidistrikt!
FotoPolitiet (Greger).