Det er heilt klare reglar for hobbyflyging med droner. Reglar som tek sikte på førebygge ulykker.

- Det er klart at skulle ein drone falle ned i folkemengde som det finst mange av på 17.mai, så vil det lett kunne føre til alvorleg personskade. Derfor er det viktig at hobbypilotar held seg til reglane også denne dagen, seier Aakenes.

Fem hovudreglar

Luftfartstilsynet har utarbeidd fylgjande fem hovudreglar for såkalla "droneleik" - det vil seie bruk av dronar på hobbybasis: 

  1. Du skal alltid kunne sjå dronen og fly den på ein omsynsfull måte. Aldri fly i nærleiken av ulykkesstader.
  2. Ikkje fly nærmare enn 5 km frå lufthamner med mindre anna er avtalt.
  3. Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.
  4. Ikkje fly over festivalar, militære område eller sportsarrangement. Hald ein avstand på 150 meter frå bygningar, folk og trafikk.
  5. Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglane for bruk av foto og video av andre personar.

Stabssjefen understrekar at dei som driv med droneleik pliktar å gjere seg kjende med regelverket og at straffeansvar kan bli gjort gjeldande dersom det vert avdekka brot på reglane.

Den mest vanlege måten å reagere på i slike saker frå politiet si side, er gjennom bøtelegging. Men dette må bero på ei meir konkret vurdering i kvart einskild tilfelle, seier stabssjefen i Møre og Romsdal politidistrikt.