Bakgrunnen for å åtvare mot å engasjere useriøse handtverkarar er samansett. Mange gjer dårleg arbeid, dei opptrer truande, og forbrukerane kan sjølv bli økonomisk ansvarlig.

Desse useriøse aktørane opererer på sida av alle lover og utnytter ressurssvake arbeidstakarar. Vi finner ofte eksempel på svart arbeid, ulovlege arbeidskontraktar, dårleg lønn og manglande tryggleik på arbeidsplassen. Skatter og avgifter blir som regel heller ikkje betalt. Tidlegere år har huseigarar fått tilleggskostnader fordi firmaet dei nytta ikkje betalte moms eller andre avgifter. For kontant betaling over 10.000 kroner kan kjøper bli ansvarlig.

Skinn av seriøsitet

Vi vet at fleire av aktørane er svært bevisst på å gjere eit minimum av det som skal til for å verke seriøse. At dei er registrert i Brønnøysundregisteret er ingen garanti. Dei opprettar selskap og registrerer seg fordi dei må, men det er lite som tyder på at dei har tenkt å bli seriøse. Bankkontoane viser at pengane går ut av Norge så snart dei er innbetalt.

Dette bør du som forbruker vite:

  • Sjekk at handtverkarar har identitetskort som viser kven dei er og kven dei jobbar for. Alle tilsette i bygg- og anleggsbransjen i Noreg skal ha eit HMS-kort merket med utstedt frå Arbeidstilsynet.
  • Ikkje betal kontant.
  • Mange huseigarar har fått tilleggskostnader når firmaet dei nytta ikkje betalte moms eller andre avgifter. For beløp over 10.000 kroner blir kjøper ansvarlig, med mindre det finnes en skriftlig kontrakt som viser at kjøper har handlet i 'god tro'. Dette betyr at dersom du betaler over 10.000 kroner kontant så kan du også bli medansvarlig når handtverkarane ikkje betaler skatt – det gjeld også om du delar opp beløpet.
  • Utanlandske handtverkarar har trua leverandører. Det er også eksempel på at kjøparar har blitt trua.

Ønskjer tips

A-krim Hordaland vil gjerne ha kontakt med dei som enten sjølv har blitt kontakta av reisande handtverkarar eller som ser aktivitet de meiner ikkje verker seriøs.

Tips oss på akrimhordaland@arbeidstilsynet.no eller på telefon til ditt lokale politi.