Sjøtenesta til politiet i Møre og Romsdal
Vi vil dukke opp på festivalar og arrangement der vi veit det er stor aktivitet av fritidsbåtar. Dei to politibåtane vil også dukke opp rundt om i politidistriktet for forebygging og kontrollar.
FotoEli Anne Tvergrov

- I år må du rekne med å sjå meir politi på sjøen i heile Møre og Romsdal politidistrikt langs kystlina, rundt øyane og innover i fjordane. Tidlegare har vi hatt begrensa både førebyggande teneste og kontroll, no vert det meir av dette, seier Leif E. Bergem-Ohr som er leiar for sjøtenesta i politidistriktet.

Forebygge

Fritidsbåtaktiviteten langs kysten er veks og volumet av fritidsbåtar aukar. Det er rundt 940.000 fritidsbåtar langs kysten og omtrent halvparten av innbyggarane i Noreg er ombord i båt i løpet av året.

Drukningstala for 2017 var ikkje lystig lesing for Møre og Romsdal politidistrikt. For mange omkom knytta til fritidsbåtaktivitet og fleire drukna av andre årsaker.

- Myndigheitene vil både skjerpe og styrke fokuset på ulykker med fritidsbåt framover. Etter nye rutinar skal til dømes Sjøfartsdirektoratet no ha melding om sjøulykker og Havarikommisjonen for sjøfart skal ha varsel for vurdering av ekstra undersøkingar og oppfølging av enkeltulykker, seier Bergem-Ohr.

Buster - politibåt i Kristiansund
Buster - politibåten vår i Kristiansund. Den kan settast på tilhengar, noko som gjer at vi kan dukke opp fleire plassar i politidistriktet med denne på kort tid.
FotoLeif E. Bergem-Ohr
Disse reglene må du kunne (Sjøveisreglene v/Redningselskapet) lenke til nettsiden deres
Ein av dei to politibåtane våre på tur gjennom Ålesundet/Brosundet ein fin sommardag. Klikk på bildet og finn vegen til reglar du må kunne.
FotoEli Anne Tvergrov

- Vi kjem til å prioritere festivalar og arrangement der vi veit det er stor aktivitet av fritidsbåtar. Så vil vi bruke politibåtane også sporadisk rundt om i politidistriktet for førebygging og kontrollar.

- Politiet har to båtar i politidistriktet som kan settast på hengar og flyttast rundt. Dermed vil vi dukke opp mange stader rundt om i heile Møre og Romsdal.

Politiets har ein viktig funksjon i å førebygge alvorlege ulukker med fritidsbåtar og vil særleg sjå på promille, fartsovertreding, uaktsam køyring og feil lanterneføring. Politiet vil også kontrollere om båtførar har kompetansebevis/båtførarbevis om dei er fødde etter 1. januar 1980.

- Så minner vi om at forskrift for bruk av vasskuter vart oppheva den 18. mai 2017. Vasskuterar er no underlagt same regelverk som for fritidsbåt. Vi vil også informere om at det skal vere bruk av flytemiddel (rednings- og flyteutstyr) i dei fleste opne fritidsbåtar. Dette er reglar som vart innført i 2015 gjennom småbåtlova.

Brot på reglane kan ende med reaksjonar der politiet kan skrive ut forenkla førelegg eller ein vert anmeldt.

Samarbeidar med fleire

Politidistriktet samarbeider godt med Kystvakta, Redningsselskapet og fleire andre for best mulig utnytting av alle ressursar som er med på å sikre god ferdsel og adferd til sjøs. Vi samarbeider også med til dømes Statens Naturoppsyn (SNO).

- I politidistriktet samarbeider vi også i år med Klar for sjøen-kampanjen. Det betyr at vi på enkelte kontrollar tek med kampanjemateriell i form av brosjyrer med tips for sjøvett, quiz og krabbesnøre til borna og lakrisbåtar til båtførar. Så da håper vi at det blir kjekt å helse på oss når vi tek kontakt på sjøen, seier Bergem-Ohr.

- Vi ynskjer alle ein flott og trygg sommar på sjøen! Politiet oppfordrar alle til å ta omsyn til kvarandre og følge reglane som gjeld.