Illustrasjon Politiets dag 2018
Politiets dag 2018
Foto(EAT)

Laurdag 25. august med ei tidsrame på ca. kl. 11.00 til 14.00 går arrangementet av stabelen rundt om i heile landet. Både vaksne og born får høve til å verte betre kjende med oss i politiet og dei får sjå kva vi arbeidar med.

Tips vener og kjende!

Velkomne til eit hyggeleg arrangement:

  • Ålesund politistasjon klokka 11.00 - 14.00.
    Ålesund politistasjon - vi vil ha tilhald i garasje, hovedekspedisjon og parkeringa oppe mot aust. 
  • Sykkylven lensmannsdistrikt klokka 11.00 - 14.00.
    Som tidlegare år blir arrangementet ved lensmannskontoret i Sykkylven
  •  Ulstein og Hareid lensmannsdistrikt - klokka 11.00 - 14.00.
    Ved lensmannkontoret og parkeringsplassen på utsida av Amfikjøpesenter (Saunesvegen 10). Utstilling av utstyr mv. Så veit vi at dei planlegg blant anna ein laserkontroll (måle fart på barn som spring/spurter ei avgrensa distanse). Kontaktperson er Hans-Eirik Pettersen.

I år blir det dessverre ingen arrangement i politidistriktet nord for Romsdalsfjorden.

Programma  

Programma vil stort sett følge denne malen:

  • Utstilling av køyrety og utstyr.
  • Møt nokre av dei flinke politihundane våre.
  • Informasjon om politiet og høve til å ta ein prat med oss.
  • Opplæring for barn i korleis ein tek fingeravtrykk.
  • En kik inn i våre politibilar og kanskje også ein tur til arresten vår.
  • Nokre stader vert det demo med laserkontrollutstyr.
  • Det kan også verte rebusar og/eller konkurransar.
  • Utdeling av litt "politieffektar".