Kartillustrasjon Ålesund sentrum
Området vi er spesielt interessert i å få inn tips frå.
FotoPolitiet.

Var du i Ålesund sentrum mellom klokka 24.00 til 06.00 natt til søndag tek politiet mot tips, dersom du har aktuelle observasjonar. Dette gjeld spesielt om du var i retninga ØSTOVER frå Keiser Wilhelms gate og Røysegata, forbi Rådhusgata og Buholmgata mot Gjerdegata i dette tidsrommet. Mannen vart funnen utanfor ein bygard i Buholmgata. Har du sett noko ber vi om at du tek kontakt med oss på 70 11 87 00 / 02800, seier politioverbetjent Bjørn Egil Gamlem.

Politiet etterforskar hendinga, men står enno med få spor å gå vidare på i saka.