I politiet er det politidistrikta som har det formelle ansvaret for å jobbe med tilbakekallssakar, men PU kjem regelmessig over sakar der det er grunnlag for å mistenkje at eit opphaldsløyve eller flyktningstatus i Noreg er gitt på feil grunnlag.

- Det er derfor avgjerande for oss å ha eit godt samarbeid med politidistrikta, og bidra med vår kompetanse innan ID-avklaring, seier leiaren av felles eining for ID og etterretning i PU Hege Naustdal.

Ho understrekar at tilbakekall av opphald gitt på feil grunnlag er viktig for å oppretthalde eit asylinstitutt med stor allmenn oppslutning.

Det er dei med eit legitimt behov vi skal ta vare på. Kjem ein hit for å jukse skal sjansen for å bli avslørt vere stor, seier Naustdal.

Tilbakekall

Dersom ein utlending har fått eit opphaldsløyve eller flyktningstatus i Noreg på feil grunnlag, kan denne etter gitte vilkår kallast tilbake. Det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som fattar slike vedtak. Politiet skal identifisere moglege sakar og førebu dei, slik at dei er så godt opplyste som mogleg før UDI fattar vedtak. Tilbakekall vil seie at den opphavelege opphaldsløyve/flyktningstatusen ikkje lenger gjeld.

Mørketal

For knappe to år sidan formaliserte PU arbeidet i organisasjonen ved å opprette eit eiget tilbakekallsavsnitt som jobbar med porteføljar på ulike land. Førebelse funn hjå avsnittet tyder på at det ligg eit stort potensial i å avdekkje personar som har fått opphald på feil grunnlag.

- Då vi først begynte å kartleggje dette avdekka vi stadig meir, jo meir vi grov. Det er nok store mørketal her, delvis på grunn av at det opp gjennom åra har vore lite fokus på identitet i asylprosessen, og delvis på grunn av det høge talet på asylsøkjarar som kom til Noreg i 2015, seier leiaren av seksjon for ID-avklaring i PU Håvard Bekk.

Bekk seier det må vere ei stor påkjenning for mange å skjule kven dei eigentleg er.

- Fleire av sakane avdekkjast jo fordi personane ikkje lenger klarer å skjule sitt opphav, til dømes gjennom kontakt med heimlandet eller på sosiale medier. Dei som bur i Noreg og har fått opphald på feilaktige opplysningar veit derfor at dei risikerer å bli avslørt, noko som må vere ei påkjenning for dei det gjeld, seier Bekk.

Viktig saksområde

Hege Naustdal presiserer at det beste er å avklare identiteten til ein asylsøkjar tidleg, slik at UDI har eit best mogleg grunnlag for å fatte eit riktig vedtak.

- Då unngår vi at utlendingar må forlate landet etter å ha levd fleire år i Noreg på feil grunnlag. Vi sparar òg samfunnet for monalege summar, seier Naustdal.

Ho fortel at PU starta med å prioritere tilbakekallssakar for alvor for eit par år sidan, og at særorganet har vore tydeleg i møter med overordna myndigheiter om at dette er et svært viktig saksområde.

I forslaget til statsbudsjett for 2019 foreslår regjeringa ei bevilling på 10 millionar kroner til tilbakekallsarbeid.