Ring oss på +47 70 11 87 00 eller send epost til post.moreogromsdal@politiet.no

Oppdatert 13. desember: I politiet si kartlegging ynskjer vi kontakt med alle dei som var i terrenget under/rundt Nivane, Vallahornet, Saudehornet, Skåla i Ørsta. Dette er til hjelp for systematisering av tips, unngå forvekslingar og få sett opplysningane og også fotografi/filmopptak inn i rett samanheng.

Politiet ynskjer framleis å få tilsendt fotografi og filmopptak frå 21. november, om nokon enno har slike frå området som ikkje er innsendt til oss.

Når det gjeld fotografi og filmopptak frå onsdag 21. november, vil vi ha desse frå alle som kan ha vore på tur oppe i området. Då tenkjer vi på alle som har vore på veg enten opp eller ned, frå og med klokka 12.00 og framover til det ikkje har vore råd å fotografere.

Det vart oppretta elektronisk tipsmottak for innsending av foto og video. Dette er no avvikla.