Slik ser det ut i området rundt Saudehornet i Ørsta 4. desember 2018
Slik ser det ut i området rundt Saudehornet i Ørsta 4. desember 2018

Pressemelding 3. desember 2018

Politiet held fram med analysane av det omfattande fotomaterialet som kom inn frå politihelikopteret. Fleire punkt og områder er alt undersøkt nærare. Mellom anna hadde vi fredag ettermiddag og kveld (30. november d.å.) inne ressursar frå Røde Kors Hjelpekorps i terrenget under krevjande vertilhøve. Dei fekk oppdraget med å kontrollere nokre konkrete område i ei renne nedanfor Saudehornet, men det vart ikkje gjort noko funn som ga gjennombrot i saka.

Det vart ikkje gjort søk i terrenget laurdag og søndag, men søk kan verte aktuelt seinare ut frå ei kontinuerleg heilskapsvurdering av dei eventuelt nye områda eller punkta som bildematerialet gir oss grunn for å sjekke ut nærare. Det vert fortløpande teke stilling til korleis ein skal gå fram i vidare undersøkingar i fjellet. Til dømes om bruk av droner eventuelt skal nyttast i nye søk. Det er også eit faktum at snøen kan gjere leiteforholda framover krevande i dei høgareliggande områda.

- Etterforskinga elles held fram for fullt og det er teke om lag 120 vitneavhøyr. Det er vidare i gang eit omfattande arbeid med å samle informasjon frå telefon, sosiale media, foto og andre kjelder. Dette skjer  i den kartlegginga som politiet må gjere i ei så brei etterforsking. Fram til Maja blir funnen må politiet vere opne for alle teoriar, sjølv om det ikkje er noko haldepunkt for at ho er utsett for noko straffbart forhold, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad som leiar etterforskinga.

- Vi held kontakt med Røde Kors og dei andre frivillige ressursane og varslar via desse om kva oppgåver vi har behov for å få bistand til. Dei har vore og er til stor hjelp for oss.

Ørsta og området der leitinga pågår 4. desember 2018
Ørsta og området der leitinga pågår 4. desember 2018