- Grunnen til at vi har vorte nøydde til å velje denne mellomombelse løysinga er at arbeidet med å få på plass ei ny leigeavtale for kontoret i andre lokale, har teke lenger tid enn det vi rekna med, seier lensmann Tor Sæther i Søre Sunnmøre lensmannsdistrikt.

Han strekar under det skal vere eit lensmannskontor i Fosnavåg.

- Det vart fastslått seinast i fjor då Justisdepartementet godkjende den nye strukturen for Møre og Romsdal politidistrikt, seier Sæther.