Sjølv om omsetnaden via internett er liten i forhold til den totale marknaden, ser han ut til å vere aukande. Både nye, psykoaktive stoff og tradisjonell narkotika blir omsett på internett.

Ein annan trend som har festa seg dei siste åra, er at det blir beslaglagt fleire forskjellige stofftypar i ei og same sak. Det gjeld både i brukarsaker og større innførselssaker.

Sterk auke av MDMA-tablettar

Enno ser vi ein auke i talet på beslag av MDMA, og det er særleg beslag av tablettar som aukar. Tablettar har det siste halvåret utgjort nesten to tredelar av MDMA-beslaga, medan det tidlegare var pulver og krystallinsk materiale som dominerte. Det er i 2018 beslaglagt 80 % fleire tablettar enn i 2017.

Åtvarar på det sterkaste mot fentanyl

Det har òg blitt fleire beslag av potente fentanyl. Fentanyl er eit legemiddel som er 100 gonger meir potent enn morfin, og som blir brukt til anestesi og behandling av sterke, kroniske smerter. Vi ser at ulike former for fentanyl òg blir brukte til rusformål, og at dei blir laga for rusformål. Vi åtvarar på det sterkaste mot bruken av fentanyl. Fentanyl er i aukande grad knytt til overdosedødsfall, både i USA og i Europa. Vi er òg kjende med fleire tilfelle i Noreg.

Statistikken for narkotikabeslag 2018 (1,15 MB) (PDF)