"Miniscooter/Barnesnøskuter" er ikkje lov å bruke for barn

Statens Vegvesen har innhenta spesifikasjonar på alle snøskuterar som marknadsførast som "barnesnøskuter" eller kjøretøy egna for barn.

– Ingen av desse som er eller har vore i salg i Norge tilfredsstiller krava for å bli rekna som leiketøy. Dette inneber at utanom organisert trening i regi av klubb tilslutta Norsk Motorsportforbund er desse kjøretøya registreringspliktige og førarkortpliktige, opplyser miljøkoordinator Torvild Selås.

– Dei er dermed ulovlige å bruke for barn. Dette medfører at barn som kjører slike kjøretøy ulovlig, vil få utsetjing på førarkortet, og foreldra/eigar av kjøretøyet vil bli bøtelagt for å overlate kjøretøyet til nokon som ikkje har lov til å føre det, sier Selås.

Leiketøy

Motorkjøretøy med vekt under 50 kilo og maksimal hastighet under 6 km/t er i Vegtrafikkloven med forskrifter reikna som leiketøy. Det er eigar/brukar er ansvarlig for å forsikre seg om at kjøretøy fyller desse vilkåra, men selgar/importør har også eit informasjonsansvar.

Motorkjøretøy i utmark

I høve til regelverket som gjeld motorferdsle i utmark, er også desse "leiketøya" å sjå på som motorkjøretøy, og dermed ulovlege å bruke i utmark.

– I og med at det kun er nyttekjøring som kan gje dispensasjon frå regelverket, kan ikkje dispensasjon gjevast til slike kjøretøy, sier Selås.

Overlating av førarkortpliktig motorvogn til personar utan førarkort

Politiet er også kjend med at det er vanleg å overlate blant anna snøskuterar til mindreårige, på samme måte som trimma leiketøy.

– Vi forutset at det er kjent at dette er ulovleg, og vil påpeika ansvaret eigaren av kjøretøyet påtar seg, for eksempel dersom ei ulukke skulle skje. Dette er også grunnen til at slik overlating blir reagert strengt på, ut frå omstenda ved bøter mellom 8 000 og 12 000 kronar. I tillegg vil der vere aktuelt å inndra førarkortet til den som låner ut motorvogn på denne måten, sier Selås.

For media:
Dersom media har fleire spørsmål om dette, kan miljøkrimkoordinator ved Agder politidistrikt, Torvild Selås, kontaktast på telefon: 38 13 60 00 eller 90 50 73 30.