Politimann. Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto.

– Dette er ein variasjon innanfor normalområdet. Den langsiktige trenden er at talet på straffesaker går ned, men vi opplever at gruppa komplekse og arbeidskrevjande saker er veksande, seier politimeister Ingar Bøen i samband med at Møre og Romsdal politidistrikt torsdag la fram straffesakstala for 2018.

Etter fleire år med sterk vekst i mengda av seksuallovbrot, kom det også her ein nedgang i 2018 – frå 516 saker i 2017 til 483 i fjor.

– Dette er eit område som har høgste prioritet og sjølv med ein nedgang i fjor må vi her konstatere at det framleis held seg på eit høgt nivå, seier politimeisteren.

Etter eit fall i talet på narkotikasaker dei par siste åra, kunne ein i fjor registrere auke i denne typen saker.

– På dette området er det første rekke politiet sin innsats som styrer talet på saker. Og vi har i løpet av 2018 igjen fått høve til å styrke innsatsen i kampen mot narkotika kriminalitet, seier politimeisteren.