Dei siste par døgna har vore ei stor påkjenning for mange. No kan vi puste letta ut etter at ein ekstremt krevjande redningsaksjon er avslutta utan tap av menneskeliv og "Viking Sky" ligg trygt ved kai i Molde. Det kunne ha gått så mykje verre.

- Eg vil nytte dette høvet til å rette ei stor takk til alle dei som var med og gjorde ein innsats i denne redningsaksjonen som har vekt oppsikt over heile verda. Takka går til alle våre tilsette som ytte ein stor ekstrainnsats, involverte kommunar, samarbeidande statlege etatar, private selskap og ikkje minst dei mange frivillige organisasjonane. Nok ein gong har denne samvirke-modellen vist seg uslåeleg, seier politimeister Ingar Bøen.