Denne saka vart laga 2. oktober. Sjå også oppdatering per 7. oktober under "Svar på spørsmål - Haramsøy".

Opphaldsforbodet vart avvikla natt til 24. september og sidan har det vore fri ferdsel. Det vart ikkje registrert eitt einaste brot på opphaldsforbodet den månaden dette varte. Det innførte forbodet frå 24. august til 24. september vart respektert.

Bakgrunnen for opphaldsforbodet var vedvarande ferdsel og annan aktivitet som hindra lovleg arbeid. Då opphaldsforbodet vart avvikla var politiet tydelege på at om det kom til nye hinder for anleggsarbeidet, så ville ikkje dette verte akseptert.

Politiet skal legge til rette for og sikre at lovleg fatta vedtak kan gjennomførast. Politiet skal også syrgje for at alle på lovleg vis kan ytre seg. Men åtferda til einskilde som no dagstøtt oppsøker Haramsfjellet bekymrar politiet og dette er ikkje turgåarar.

Erfaringa etter fire dagar der alle har hatt tilgang, er at ei mindre gruppe med aksjonistar igjen er å sjå oppe i terrenget. Anleggsarbeidet vert hindra på ein slik måte at folk utsett seg sjølve for fare. Enkelte held fram med å aktivt oppsøke og gå nært opp i anleggsarbeidet i terrenget og anleggstrafikken på vegen.

Aksjonistane har fått beskjed av politiet gjentakande gongar om at konsekvensen av denne åtferda blant anna kan verte eit nytt opphaldsforbod. Dei risikerer også bøtelegging.

Politiet vurderer no tiltak som må iverksettast. Slik kan eit nytt opphaldsforbod verte innført på kort varsel, om ikkje den negative utviklinga som er sett frå siste fire arbeidsdagane opphøyrer.