Vårt råd til reisande er at kvar einskild ser til at dei har all naudsynt dokumentasjon i orden på førehand - før dei landar på Vigra. Det er viktig at alle reisande frå utlandet har papira i orden opp mot smittekontroll og generelt det som er krava ved grensekontroll. Då blir det minst mogleg plunder og heft for alle andre som også er på reise.

Eigenerklæringskjema på fleire språk

Bakgrunn - smittekontroll og grensekontroll

Vi har hatt innreisebegrensningar til Noreg sidan mars 2020. No ved nyårsskiftet 2021 kom det ytterlegare innskjerping fra regjeringa. Hovudregelen er at alle som skal passere grensa og kjem til oss med fly frå utlandet, også norske statsborgarar, skal registrere seg for å betre smittekontrollen.  

Politiet skal no ved sidan av ordinær grensekontroll, også kontrollere at dei reisande har dokumentasjon på negativ koronatest, informere dei som vil inn i landet om innreisereglar, plikta til å teste seg, karantenehotell og om kva karantenereglar som gjeld.

Sjølve grensekontrollen skal vere streng og politi som utfører ID-kontrollen har spesialistkompetanse på å avsløre ID-misbruk og alvorleg kriminalitet. Vi må ha kontroll på at dei som slepp inn i landet har løyve til dette. 

Oppgåvene både med smittekontroll og grensekontroll som skal utførast, slik dei fysiske fasilitetane er no på Vigra, må utførast av politiet. Avinor er kontakta om det er høve for å meir fysisk plass. Avinor er også kontakta på temaet skjema. Vi har bedt Avinor om at dei via Aviator ser til at skjema i papirform er tilgjengelege både via flyselskap og ute i venterom. Vi har i tillegg etterspurt digitale eigenerklæringsskjema sentralt på fleire språk.  

Med andre ord er det fleire tiltak til saman no som ein ser om ein kan iverksette  for å utbetre situasjonen.