- Om du har våpen eller har tenkt å skaffe deg våpen, er det krav om at du har desse trygt oppbevart i godkjent våpenskap, slik at uvedkomande ikkje får tilgang til dei. Krava som gjeld oppbevaring av våpen og ammunisjon finn du på nettsidene til politiet.

- Vi opplever at våpenkontrollane våre hjå private våpeneigarar skaper ansvarleggjering. Kontrollane gir generelt ei meir disiplinert haldning til våpen og våpenoppbevaring, seier politiinspektør Marianne Nørgaard Aae som er leiar for Felles enhet for utlending, forvaltning og sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Erfaringa vår er samstundes at fleirtalet har god orden på skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, understrekar ho.

- Politiet har saman med seriøse jegerar og skyttarar eit felles mål om at våpen ikkje hamnar i hendene til dei som ikkje er skikka til å inneha våpen, til dømes nokon i eit kriminelt miljø eller hjå ustabile personar, seier Aae. Vi veit at våpen som ikkje er på ein sikker plass, lettare kan kome på avvegar.

- Brot på regelverket om oppbevaring kan gi konsekvensar for vidare våpenløyve og/eller det kan medføre ein strafferettsleg reaksjon. Om det manglar våpen eller våpendelar som står oppført på våpenkortet til den vi kontrollerer, så må det gjevast ein utfyllande forklaring på kvar gjenstandane er. For politiet er ynskjeleg å ha full kontroll over dei skytevåpen som vi har i samfunnet vårt. I Møre og Romsdal har vi nesten 24.000 private våpeneigarar som har løyst våpenkort. Fordelt på private personar, skyttarlag og andre er det registrert meir enn 77.000 våpen.  

Politidistriktet har siste åra køyrt ei systematisk opprydding inn mot dødsbu og arbeidet med å kontakte arvingar held fram. Folk må huske på at om ein jeger eller skyttar i familien døyr, så kan aldri sjølve våpenløyvet knytt til eit registreringspliktig gå i arv.

- Arvingen eller den nye eigaren av våpenet, må søke om løyve frå politiet til å eige dette. Vi erfarer at våpen går i arv eller verte overtekne av andre, men at det ikkje vert sendt inn søknad til politiet om å få overta våpenet. I praksis medfører dette at arvingane eller andre som har overteke våpenet, har våpenet uløyves, seier politiinspektør Aae. Då må det ryddast opp ved at den som har overteke våpenet søker politiet om løyve til å overta våpenet.

- Våpen som ingen søker om å få overta, skal leverast inn til næraste lensmannskontor eller politistasjon til destruksjon. Då tar du alltid fyrst kontakt med politiet for å gjere ein avtale om dette. Politiet ynskjer å ha full kontroll over skytevåpen registrert på eigarar som har gått bort, slik at desse ikkje kjem på avvegar eller på feil hender. Regelverket om arv av våpen er å finne på nettsidene til politiet. Aae opplyser at sakshandsamingstida for våpensøknader i Møre og Romsdal politidistrikt er nede på 4-6 veker, mot tidlegare 10 veker.

Det er den nye våpenlova § 30 siste ledd jf. våpenforskrifta § 11-6, som gir politiet heimel til å utføre kontroll med oppbevaringa hjå den som har skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Politiet må varsle på førehand og det skjer skriftleg. Kontroll av oppbevaring hjå private kan ikkje gjennomførast før det har gått minimum 48 timer frå førehandsvarselet er forventa å vere motteke i posten.

- Med tanke både på smittevernsrestriksjonar og det praktiske, så fylgjer vi også opp med ein telefon for å gjere den endelege avtalen om heimebesøket, seier politiinspektør Aae. Dei som kjem vil vere politi. Ut frå kva som er praktisk av andre oppdrag den aktuelle dagen kan desse vere både i sivilt eller uniformert. 

Reglane om oppbevaring

Reglane om oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon finn du i den nye våpenlova § 19 og ny våpenforskrift, kapittel 6, gir detaljerte reglar:

·       Våpen skal oppbevarast i godkjent våpenskap.

·       Det er ikkje høve til å oppbevare skytevåpen i ein bustad du ikkje bur nokon i. Ein kan ikkje ha våpenskapet ståande i til dømes fritidsbustad, hytte, garasjar og uthus, eller i kjellerbod i tilknytta fellesareal i bustadsameige/ burettslag.

·       Ammunisjon skal vere nedlåst i eit våpenskap eller på anna låsbar plass.

·      Nøkkel til våpenskap skal oppbevarast forsvarleg.

 

For meir informasjon om våpen:

 

 

Kontaktperson:

Kontaktperson: politiinspektør Marianne Nørgaard Aae mobil: 959 38 766