Det er ikkje greitt at foreldre kjenner press på at "treige" el-sparkesyklar er kjipe. Det er heller ikkje greitt at det vert eit statussymbol å eige og bruke "raske" el-sparkesyklar med høgare maks-fart enn 20 km/t.

Vi ser at det er eit stort skadepotensial med raske køyrety og det er ditt ansvar som forelder eller føresett til unge el-sparkesyklistar å sørge for at dine kan og forstår regelverket:

  • El-sparkesykkel som gjeng saktare enn 20 km/t = Sykkel.
    Det er lov til å bruke el-sparkesyklar som er å sjå på som sykkel.

  • El-sparkesykkel som går raskare enn 20 km/t = Motorvogn.
    Det er ikkje lov til å bruke el-sparkesyklar som er å sjå på som motorvogn. Sjå vegtrafikklova § 2, jamfør køyretyforskrifta § 2-5 nr.12.

  • Trimma eller ikkje trimma spelar inga rolle. Alle el-sparkesyklar som gjeng raskare enn 20 km/t er motorvogn.

  • El-sparkesyklar kan stoppast av politiet for kontroll.

  • Ikkje lov med to personar på el-sparkesykkel, uansett alder.

Lovene og reglane for el-sparkesykkel


www.lovdata.no kan du søke opp paragrafar og reglar i vegtrafikklova, forskrifta om køyrety, trafikkreglane og forskrift om krav til sykkel.
Alle som fører el-sparkesykkel uansett alder skal kunne og forstå det som spesielt gjeld for el-sparkesyklar:

  • Vegtrafikklova § 3: Det er ein generell aktsemdregel og den gjeld all køyrande og gåande trafikk.
  • Vegtrafikklova § 12: Plikt til å stoppe ved vegtrafikkuhell og plikt til å varsle politiet om du vert innblanda i vegtrafikkuhell.
  • Vegtrafikklov § 13: Krav til bruk av påmontert lys når det er mørkt. Meir om dette står i eiga forskrift om krav til sykkel, kapittel 3.
  • Trafikkreglane § 4: Om bruk av køyrebane: Der det er sykkelfelt, må syklande berre bruke sykkelfelt på høgre side av vegen.
  • Trafikkreglane § 7: Om vikeplikt.
  • Trafikkreglane § 9: Om pliktene for gåande: Tilstrekkeleg plass på vegen og vikeplikt.
  • Trafikkreglane § 13: Det som gjeld om køyrefart.
  • Trafikkreglane § 18: Det som gjeld for syklande, regulerer kvar og korleis ein kan køyre på fortau / gangveg / sykkelveg, samt reglane for parkering.

NB! Har du fått med deg plikta ein har til å bremse ned til gangfart, det vil seie omtrent 6 km/t før passering av gåande på gangveg?

 

Ved brot på reglane er det risiko at

  • El-sparkesykkelen kan verte inndregen! Har den vore involvert i ei straffbar handling, kan det verte inndraging og du vil truleg ikkje få den tilbake.
  • Det kan koste pengar! Statens vegvesen eller Politi kan gi gebyr på 3000 kroner. Det kan skje om det er meir enn ein person på el-sparkesykkelen (og førar er 15 år eller eldre). El-sparkesykkel er eit køyrety definert for kun ein person åleine

    Sjå også Forskrift om gebyr for visse brot på vegtrafikklovgivninga, §10, bokstav i og også forskrifta som gjeld for køyrety.

Foreldreansvar og erstatningsplikt

  • Dersom førar er under 18 år må også foreldre kontaktast og orienterast. Før borna fyller 15 år er det du som forelder/føresett som har ansvaret. Blant anna har du erstatningsplikta ved eventuelle skader som barnet ditt har forårsaka.

Det du må gjere - våre råd

  1. Teikn og forklar: Vis gjerne ved å illustrere kva du meiner om dei ulike lovene og reglane. Her er www.vegvesen.no/els også til god hjelp med filmar og anna.
  2. Vis i praksis: Ta turen ut med dine unge ut i trafikken. Vis korleis reglane verkar der dine ferdast mest.
  3. Godt synleg: Mørkt kledde unge førarar er vanskelege å få auge på når det er mørkt. Lys er påbode! Vårt råd er å bruke refleksvest.
  4. Bruk hovudet – bruk hjelm: Alt for mange har fått hovudskader som følge av uhell med el-sparkesyklar i høg fart.
    Ikkje la dine næraste verte del av skadestatistikken.
  5. Ikkje aleine: Skap alliansar og stå saman med andre foreldre. Skap ei samla linje på temaet. Felles tilnærming og felles avtalte avgrensingar er lettare å fronte enn at kvart barn får eige regelsett.