Viss du vil søke om generelt innsyn i journalar må du sende ein søknad til Politidirektoratet om innsyn i politiet sitt straffesaksregister. Dette gjeld for eksempel viss du ønsker å plukke ut bestemte saker. Vil du søke om innsyn i spesielle straffesaker må du sende ein søknad til Riksadvokaten.

I enkelte saker må du sende ein søknad både til Politidirektoratet og Riksadvokaten. Politidirektoratet vil vurdere søknaden både etter første og andre ledd i politiregisterlova § 23. Denne paragrafen gjeld mellom anna personlege forhold og omsynet til etterforsking, operativ verksemd og organisering. Dette blir vurdert av ulike einingar i Politidirektoratet og nokre gonger av einingar som ligg under direktoratet.

Slik søker du

Søker du om innsyn i teiepliktige opplysingar til bruk i forsking, må du ha med dette i søknaden:

  • kven som søker innsyn
  • søkaren sin kompetanse
  • kva for teiepliktige opplysingar du søker innsyn i
  • kvifor du søker om innsyn
  • samfunnsnytta ved forskinga
  • kvifor anonymisering eller samtykke ikkje er aktuelt
  • korleis du skal gjennomføre innsynet (kven som skal gjere det, kor lang tid det skal ta, og kor mykje det skal omfatte)
  • korleis du skal oppbevare informasjonen
  • korleis du skal bruke informasjonen
  • kopi av prosjektskildringa
  • kopi av spørjeskjema

Kva for dokumentasjon må du sende med?

  • Du må sende med kopi av melding til Norsk senter for forskingsdata (NSD) om at krava i personopplysingslova om meldeplikt og konsesjonsplikt er oppfylte.
  • Du må sende med dokumentasjon på at forskinga blir kontrollert av ein ansvarleg person med førstestillingskompetanse. Det vil seie ein person som er førsteamanuensis, førstelektor eller førstebibliotekar. Du må ha med namnet, kontaktinformasjonen og signaturen til denne personen i søknaden.

Kva må til for å få innsyn?

For å få innsyn må alle involverte skrive under på ei erklæring om teieplikt. Dette gjeld deg som har sendt inn søknaden, og alle som skal behandle opplysingane. I tillegg må Politidirektoratet vere sikre på at all innsamling, oppbevaring og bruk av teiepliktige opplysingar skjer på ein forsvarleg måte. De må også anonymisere alle opplysingar som kan identifisere personar. Elles kan de ikkje publisere forskinga. De må anonymisere lydfiler når prosjektet er ferdig.

Søknaden blir send per e-post eller post til Politidirektoratet.

Slik behandlar vi søknader

Politidirektoratet vurderer kva for verdi forskinga har. Vi vurderer også kor stort inngrep eit fritak vil vere i personvernet til enkeltpersonar. Vi ser då på kor sensitive opplysingane er. Vi ser også på kor lenge innsynet skal vare, og kor omfattande det skal vere. Vi ser i tillegg på kva verdi forsikringa har for samfunnet. Vidare gjer vi ei vurdering av korleis vi reint praktisk skal utlevere opplysingane.

I fleire tilfelle sender vi innsynssaker til Rådet for teieplikt og forsking. Dei vil då uttale seg om saka. Deretter blir saka avgjort hos Politidirektoratet. Det kan ta inntil 4 månader å behandle søknaden. Du får svar per brev eller e-post.

I politiregisterlova kan du lese om retten til innsyn.

Her kan du kontakte Politidirektoratet.