Slik hjelper Noreg til

  • Per januar 2020 har 27 norske politifolk teneste i fire ulike operasjonar. Alle finn stad utanfor Europa.
  • Meir enn 1200 norske politifolk har vore med i internasjonale operasjonar. Vi har hatt operasjonar i 35 land over heile verda. Frå Aust-Timor i aust, Balkan i nord, Namibia i sør og El Salvador og Colombia i vest. Dette er i hovudsak land der samfunnet har brote saman på grunn av krig eller konflikt.
  • Norsk politi har tatt del i internasjonale fredsoperasjonar sidan operasjonen i Namibia i 1989.
  • Det er gjennom norsk utanrikspolitikk det blir bestemt at Noreg skal ta del i slike operasjonar. Arbeidet blir finansiert over bistandsbudsjettet.

Kva for operasjonar er vi med i no?

FN sin fredsoperasjon i Mali vart starta i april 2013. Opperasjonen sine hovudoppgåver er styrking av sikkerheitssituasjonen, vern av sivile, samt støtte til politiske prosessar og gjenoppbygging
av statsfunksjonane i landet.

Noreg bistår operasjonen med eit spesialisert polititeam innan åstadsarbeid og grunnleggande kriminalteknikk. Teamet skal lære opp lokale politifolk innan desse fagområda. 

  • Norsk innsats: Fem politirådgivarar.
  • Oppgåve: Opplæring av lokalt politi innan åstadsarbeid og grunnleggande kriminalteknikk
  • Meir om MINUSMA

Sør-Sudan blei etablert som eigen, suveren stat 9. juli 2011. FN oppretta same dato operasjonen United Nations Mission In South Sudan (UNMISS). Rundt éin million menneske har flykta frå bustadene sine internt i Sør-Sudan.

  • Norsk innsats: inntil 20 politirådgivarar
  • Oppgåve: Arbeidsoppgåvene varierer etter situasjonen og mandatet. For tida handlar det om å beskytte sivile innbyggarar.
  • Meir om UNMISS

I 2016 blei det etablert ein såkalla monitoreringsmekanisme i Colombia. Mekanismen består av FN, FARC-geriljaen og myndigheitene som tre likestilte partar. Mekanismen blei etablert etter at colombianske myndigheiter og FARC-geriljaen inngjekk fredsavtale. Mekanismen skulle overvake at regjeringa og FARC heldt det dei hadde lova i avtalen. Dette gjaldt særleg at FARC skulle levere inn våpena sine.

Oppdraget blei formelt avslutta i september 2017, og vidareført i ein ny misjon. I denne misjonen har observatørane som rolle å overvake arbeidet med å hjelpe tidlegare FARC-soldatar tilbake i samfunnet. Dei har også overvaka sikkerheita i distrikta. Noreg har stilt med tre observatørar sidan september 2016. Dette er ein politisk misjon. Arbeidsspråket er spansk.

  • Norsk innsats: inntil 3 observatørar
  • Oppgåve: Politiet tar del i observatørstyrken i denne FN-misjonen.
  • Meir om UNVMC

Regjeringa i Jemen og Houthi-rørsla underskreiv 13. desember 2018 avtalen om våpenkvile og demilitarisering av Hudaydah by og hamnene i Hudaydah, Saleef og Ras Isa. Avtalen vart underskriven i Stockholm, og vert derfor kalla Stockholmsavtalen. Som ein følgje av denne oppretta FN "United Nations Mission to Support the Hudaydah Agreement" – UNMHA. 

Misjonen har som oppgåve å monitorere og legge til rette for implementering av Stockholmsavtalen. 

  • Norsk innsats: inntil to observatørar
  • Oppgåve: Monitorere implementeringa av Stockholmsavtalen
  • Meir om UNMHA

Slik blir det bestemt at norsk politi skal vere med

Norsk politi hjelper til i internasjonale fredsoperasjonar. Det er ofte FN som står bak desse. Det er Utanriksdepartementet (UD) og Justis- og beredskapsdepartementet (JD) som bestemmer at norsk politi skal vere med i slike operasjonar. Politidirektoratet blir spurt om råd før departementa bestemmer seg.

Norsk politi hjelper også til i prosjekt som berre gjeld to partar. Dette blir kalla bilaterale prosjekt. Rekrutteringa til slike oppdrag kan følge andre krav enn det FN stiller til sine operasjonar. Kontoret for internasjonale fredsoperasjonar (INTOPS) har ansvar for norsk politipersonell til slike prosjekt. Dei koordinerer hjelpa med departementa og dei internasjonale organisasjonane.

Politiet utnemner årleg ei gruppe med kvalifisert personell. Denne gruppa kan hjelpe til i internasjonale fredsoperasjonar påfølgande år. Representantane for norsk politi blir henta frå alle politidistrikt og særorgan. Men det er frivillig å vere med på operasjonar i utlandet.