Innsynsretten er forankra i lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

Nyttig å vite før du ber om innsyn:

  • Offentlege journalar skal sikre personvernet.
  • Offentlege journalar inneheld ikkje informasjon om straffesaker.
  • Det er mogleg å få tilsendt ein offentleg journal for ei bestemt tid.
  • Gje så konkrete opplysningar som mogleg om kven eller kva saka gjeld, slik at det går raskare å finne det rette dokumentet.

Innsyn i dokument hjå Politidirektoratet

Innsyn i Politidirektoratet sine dokument kan ein bestille via den offentlege elektroniske postjournalen (OEP).

For å få innsyn i dokument frå før 1. april 2011, ta kontakt med arkivtenesta i Politidirektoratet: politidirektoratet@politiet.no

Innsyn i dokument hjå politidistrikt og særorgan

Dersom du ønskjer innsyn i dokument hjå politidistrikt, særorgan og andre einingar i politiet, kan du sende ein e-post til e-postmottaket for den aktuelle eininga.

Finn kontaktinformasjonen til politidistriktene