Møre og Romsdal politidistrikt har 560 tilsette.

Organisering

Møre og Romsdal politidistrikt er i ein omstillingsprosess og innførte sommaren 2017 delar av ein ny organisasjonsstruktur med med tre leiarstøttestabar og fem felles funksjonelle driftseiningar for hele det nye distriktet.

Våren 2018 sette distriktet i verk ny lokal struktur som vart fastsett av Justisdepartementet sommaren 2017. Det inneber at talet på lensmannskontor er redusert frå 23 til 15, medan det framleis er tre politistasjonar i distriktet.

Talet på geografiske driftseiningar er redusert frå seks til fire. Det er no to drifteiningar på Sunnmøre, ei i Romsdal og ei på Nordmøre.

Leiing

  • Politimeister er Ingar Bøen.
    Bøen er jurist med lang erfaring som statsadvokat  og  leiar for påtaleeininga i Sunnmøre politidistikt.
  • Visepolitimeister er Ingmar Farstad.
    Farstad har brei politifagleg bakgrunn og har tidlegare vore både stasjonssjef i Ålesund og leiar for felles operativ eining i Sunnmøre politidistrikt