Vi gjentar suksessen frå i fjor og inviterer små og store til politiets dag i Florø, Sogndal, Nordfjord og i Bergen sentrum. Vi gleder oss til å møte små og store politivenner! Vi er på plass frå klokken 11 og held på fram til klokken 14 - håper vi ses.

I Bergen treffer du oss på Øvre Vågsallmenning og ved politihuset i sentrum.
I Florø ønskjer vi velkommen på Flora politistasjon.
I Nordfjord treffer du oss ved Amfi Nordfjordeid.
I Sogndal er vi på plass på Sogndal og Leikanger lensmannskontor.

Program

Program for dagen i Bergen

1100: Opning med politiorkesteret og politimeistren
1130: Hundepatruljen demonstrerer sine ferdigheter
1200: Trekning av spørjekonkurranse for barn
1215: Politiorkesteret spiller
12:45: Innsatsstyrken rappellerer frå politihuset
1315: Trekning av spørjekonkurranse for barn
13:30: Sykkelausjon

Heile dagen mellom kl. 11 og 14

  • Krimteknikarane demonstrerer korleis dei sikrar spor på ein åstad, syner fram utstyr og svarar på spørsmål.
  • Gamle og nye politibilar blir synt fram.
  • Born kan teste utstyr og få prøvesitte ein ekte politimotorsykkel.
  • Fleire stands med informasjon om mellom anna pass, førarkort og våpen. Lær korleis du kan førebygge innbrot eller lommetjuveri.
  • Spørjekonkurranse for born – vinn en tur med politibåten.
  • Ta ein prat med politimeisteren.
  • Lurer du på om du vil bli politi? Studentane våre fortel om Politihøgskulen og kva som må til for å komme inn.
  • Politibåten ligg til kai yttarst på Zachariasbryggen og det vil bli mogleg å komme om bord for å sjå og stille spørsmål. I tillegg vil dei ta med vinnarar av spørjekonkurransen på ein liten båttur.

Vel møtt!

Program på Flora politistasjon

Heile dagen mellom kl. 11 og 14

  • Utstilling av køyretøy.
  • Informasjon om politiet og høve til å ta ein prat med oss.
  • Opplæring for barn i korleis ein tek fingeravtrykk.
  • Spennande rebusløp der barna får etterforske ei krimgåte.
  • Køyretur med politibil.
  • Høve til å sjå arresten/ "fengselet" (for dei som våger det)

Velkomen til eit hyggeleg arrangement på Flora politistasjon
med stands, mat og drikke og mykje gøy utover dagen.

Vel møtt mellom klokken 11 og 14 ved Amfi Nordfjordeid

  • Utstilling av politibilar
  • Show med Theo – vår flinke narkotikahund
  • Informasjon om politiet og høve til å ta ein prat med oss.
  • Opplæring for barn i korleis ein tek fingeravtrykk
  • Brannvesenet og ambulansen kjem også på besøk

Møt oss mellom klokken 12 og 15 på Sogndal og Leikanger lensmannskontor.

Du får helsa på politibamsen Eddy.

Du kan få sitja på i politibilen vår, kanskje ta ein liten køyretur i Fjøra. Politibamsen Eddy vil nok gjerne også vera med i politibilen.

Du kan få sikra ditt eige fingeravtrykk.

Du kan få sjå på "fengselscellene" våre, der du og kan få deg ein overrasking.

Du kan få sjå ulike politiuniformar (gamle og nye) og litt anna utstyr som politiet brukar

Vel møtt små og store!