Gangen i ID-prosessen

Når ein person er sakna eller truleg omkomen, samlast alle kjende opplysningar om han eller henne (ante mortem-informasjon) inn for seinare samanlikning med daude personar. Dette gjeld spesielt

  • tannjournalar og røntgenbilete
  • medisinske journalar
  • DNA-referanseprøvar frå familiemedlem
  • fingeravtrykk
  • andre opplysningar, som tatoveringar, arr, eventuelle andre særkjenne ved ein person
  • taktiske opplysningar som for eksempel kva leilegheit han eller ho bur i, og kva klede eller smykke han eller ho ofte bruker

Ved funn av ein daud person gjer dei ei sakkyndig likundersøking (post mortem-undersøking), og i denne prosessen dokumenterer dei alle medisinske og fysiske detaljar på liket. Så samanliknar dei opplysningar om den sakna med opplysningane frå den sakkyndige likundersøkinga.

Kriterium for identifikasjon

Hovudkriterium:

  • tannopplysningar
  • fingeravtrykk
  • DNA

Tilleggskriterium:

  • medisinske funn
  • kriminaltekniske funn
  • taktiske opplysningar

ID-gruppa slår som hovudregel identiteten fast når minst eitt av hovudkriteria er oppfylte, understøtta av tilleggskriterium. Det må vere samsvar på alle punkt.

Kva skjer etter at ein avliden er identifisert?

Når den avlidne er identifisert, blir liket frigitt til dei pårørande for gravlegging. Politiet kan i enkelte tilfelle halde tilbake den avlidne dersom etterforskingsmessige omsyn krev det, men dei vil frigi liket så snart som mogleg.

Identifiseringsgruppa er samansett av

  • administrativt personell
  • kriminalteknikarar
  • rettspatologar
  • rettsodontologar
  • rettsgenetikar (DNA-ekspert)

Gruppa er administrativt lagd til Kripos, men har medlem over heile landet, blant anna i Bergen, Trondheim og Tromsø.