Kripos kunngjer alle ledige stillingar offentleg på nett. Du kan òg følgje Kripos på LinkedIn og Facebook, der vi med jamne mellomrom legg ut utvalde stillingsannonsar og artiklar om det å jobbe for Kripos.

Kva slags utdanning må eg ha for å få jobb hos Kripos?

Kriminalitetsbiletet er i stadig utvikling. Vi veit difor ikkje sikkert kva slags kompetanse vi treng om 10, 20 eller 30 år. Kanskje treng vi då kompetanse vi ikkje har i dag. Det kan difor vere vanskeleg å gi konkrete råd om val av utdanning.

Det som skil Kripos frå resten av politiet, er at Kripos skal hjelpe politiet i saker som ikkje har eit klårt geografisk nedslagsfelt i eitt politidistrikt, som krev særskild kompetanse og/eller mykje internasjonal samhandling.

I dag er om lag halvparten av dei tilsette hos Kripos utdanna ved Politihøgskulen, og den andre halvparten har ein annan bakgrunn enn politi. Eksempel på andre yrkesgrupper enn politi er kjemikarar, dataingeniørar, samfunnsvitarar, språkvitarar, journalistar, psykologar, juristar, bioingeniørar, fotografar, reinhalds- og driftspersonell og økonomar.

Kripos har om lag 570 tilsette, kjønnsfordelinga er 50/50 kvinner og menn og snittalderen er 45 år.

Ein profileringsfilm lagd av studentar viser nokre eksempel på yrkesgrupper ved Kripos. Dei som jobbar hos oss, har utdanninga si primært frå norske utdanningsinstitusjonar, men mange har òg heile eller delar av utdanninga frå andre land. Eit generelt krav til dei som skal begynne å jobbe ved Kripos, er at dei har reint rulleblad og kan snakke og skrive godt norsk.