Slik satsar politiet på IKT i framtida
Politiet har ein tydeleg plan for korleis vi skal utvikle digitale løysingar framover. Vi har som mål at digitaliseringa skal skje raskt.
Kva skal politiet gjere?
- Vi skal styre etter ein «Reguleringsplan for digitale løysingar». Denne planen omfattar informasjon, applikasjonar, teknologi og infrastruktur og sikkerheit.
- Vi skal levere fleire IKT-funksjonar gjennom stadig utvikling av produkt. Tidlegare har dette blitt gjort gjennom prosjekt. Det skal det bli mindre av.
- Vi skal utvikle meir sjølve. Det gjeld særleg innan område vi kan mykje om.
- Vi skal bli flinkare til å velje leverandørar. Slik kan vi redusere behovet for investeringar og få betre kontroll på kostnadene.
- Vi skal utnytte teknologiske nyskapingar på ein meir systematisk måte.
- Vi skal vurdere sikkerheita ved kjøp av tenester etter "føre var"-prinsippa.
- Vi skal revidere styringsmodellen for IKT i politiet.
- Vi skal gjere nødvendige endringar innan kompetanse og organisering i IKT-funksjonen.