Politifolk kan bli pålagde å gjere teneste i politireserven. Dette seier lov om tenesteplikt i politiet av 21. november 1952. Mannskap i politireserven må ha fullført militær førstegongsteneste med minimum 165 dagar. Dei gjer tvungen teneste i politiet fram til dei ikkje lenger har verneplikt. Verneplikta varer til og med det året dei fyller 55 år. Tenesta er eit alternativ til teneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret.

Politidirektoratet (POD) har det overordna ansvaret for politireserven. Det daglege ansvaret er det Utrykkingspolitiet (UP) som har.

Mannskapa blir for tida berre henta frå det sentrale Austlandet. Det blir ikkje overført nye mannskap til politireserven akkurat no.

Politireserven kan bli brukt

  • når militæret heilt eller delvis er sett i beredskap eller mobilisering
  • for å hindre eller avgrense naturkatastrofar
  • for å hindre andre alvorlege ulykker
  • for å halde orden i samfunnet når det er viktig for allmenne interesser

Politireserven kan bli brukt ved kriser eller store hendingar. Det kan då vere snakk om hendingar som krev mykje tid og ressursar. Då kan politireserven hjelpe eller avløyse vanlege politimannskap. På den måten kan det vanlege politiet få kvile eller tid til meir krevjande og farlegare oppgåver.

Hovudoppgåvene til politireserven er å

  • sikre fysiske objekt
  • halde orden i trafikken
  • halde orden i samfunnet
  • kontrollere grensene

For å kunne gjere oppgåvene sine på ein god måte må mannskapa gjennom eit grunnkurs. Det varer i ti dagar. Deretter må dei gjennom eit repetisjonskurs som varer i fem dagar. Kursa blir avslutta med karakteren bestått eller ikkje bestått. Dei som ikkje består blir sende tilbake til Forsvaret sitt personell- og vernepliktsenter. Der får dei andre oppgåver.

Politireserven vil ha motiverte mannskap som er i god form. Mannskapa må ha plettfri vandel. Mannskapa har på seg vanlege politiuniformer. Dei får avgrensa politimyndigheit.