Politibetjent Kripos

  • Politibetjent Kripos er ein profil på Facebook som driv aktiv politipatruljering for å førebygge og motarbeide internettrelatert kriminalitet.
  • Politipatruljen ønskjer å vere til stades for å drive opent, førebyggande politiarbeid og hindre uønskte situasjonar.
  • Politibetjent Kripos kan oppsøke kjende problemarenaar og handheve lovverket der det er nødvendig, for eksempel ved å be folk fjerne ulovleg innhald.

Dersom du kjem over andre profilar som gir seg ut for å vere frå politiet, så meld gjerne frå til oss.

Kontakt oss

Vi er tilgjengelege på telefon når vi er på patrulje. Tidene for patruljering vil stå på Facebook-sida til Politibetjent Kripos. Bruk elles e-postadressa vår.

Telefon: 23 20 84 40
E-post: nettbetjent@kripos.no  
Presse: Kripos.info@politiet.no

Nettpatruljen sin Facebookprofil
Slik ser Facebook-profilen til Politibetjent Kripos ut.

Politiet sin nettpatrulje

Vi kan samanlikne Nettpatruljen med ein politipost, der publikum kan oppsøke politiet for å få kriminalitetsførebyggande råd, rettleiing med konkrete problemstillingar eller dialog.

  • Nettpatruljen tek imot informasjon eller tips om kriminalitet på internett.
  • Nettpatruljen er betent på dagtid.
  • Du kan ikkje levere meldingar om lovbrot eller søknader til Nettpatruljen.

Hos Nettpatruljen finn du artiklar om for eksempel trygg nettbruk, nettvirus, born sine rettar og internett, straffbare handlingar som nettsvindel, ulovleg deling av bilete, overgrep og utpressing på nett.

Politiet sin nettpatrulje – Kripos er ein del av satsinga vi har kalla politinærvær på internett.

  • Vi ønskjer å drive et opent, førebyggande politiarbeid på ein plattform der vi møter folk flest.
  • Vi ønskjer å vere ein premissleverandør for trygg og god nettbruk og eit synleg politi som er tilgjengeleg for folk på internett.

Facebook-profilen Politibetjent Kripos er bemanna av politifolk frå Politiet sin nettpatrulje.

Eksempel på lover som kan brukast: