Viss du har fått ein dom i forliksrådet eller har eit signert gjeldsbrev, og skyldnaren ikkje betaler, kan du sende eit utleggskravsmål til namsmannen. Det same gjeld viss du har ein faktura som skyldnaren ikkje har protestert på.

Før du sender utleggskravsmål

Viss dommen frå forliksrådet er eldre enn eitt år, må du først varsle skyldnaren. Du må varsle i brev (ikkje e-post) med opplysning om at kravet må betalast innan ein viss frist, og at du vil sende utleggskravsmålet til namsmannen viss det ikkje skjer.

Betaler ikkje skyldnaren innan fristen, som må vere minst 14 dagar, kan du sende utleggskravsmål til namsmannen.

Det er du som sender utleggskravsmål, som skal betale rettsgebyret .

Du må leggje ved

  • kopi av tvangsgrunnlaget (dommen i forliksrådet)
  • kopi av varsel til skyldnaren dersom dommen er eldre enn eitt år
  • eventuelt dokumentasjon på at kravet ikkje er forelda

Slik sender du utleggskravsmål

I «skjema for utleggskravsmål» må du oppgje

  • fødselsdatoen eller føretaksnummeret til motparten
  • fødselsnummeret og privatadressa viss motparten er eit enkeltpersonsføretak; du kan få fødselsdato frå folkeregisteret.
  • namn og adresse på både deg (saksøkjaren) og saksøkte
  • namnet og adressa til eventuelle representantar (prosessfullmektige)
  • nøyaktig kor stort kravet er, fordelt på hovudkrav og eventuelle renter, gebyr og kostnader
  • skildring av tvangsgrunnlaget (dommen i forliksrådet)

Fyll inn alle opplysningane og legg ved naudsynt dokumentasjon.

Bruk skjemaet for kravsmål om utlegg

Etter at du har sendt utleggskravsmålet

Namsmannen kontaktar skyldnaren for å kartleggje økonomien hans eller hennar. Skyldnaren får òg ein sjanse til å gjere opp frivillig.

Namsmannen tek utleggstrekk eller utleggspant hos skyldnaren. Så sender han ein protokoll (ei namsbok) til kvar av partane der det står kva det er teke pant i. Finn ikkje namsmannen noko å ta utlegg i, avsluttar han saka med «ingenting å ta utlegg i», men kravet vert ikkje forelda før etter ti år.

Denne prosessen kan ta litt tid, så du må vere budd på at du ikkje får tilbakemelding straks.

Kva skjer med kravet ditt?

Viss namsmannen har teke utleggstrekk, får du betalt tilbake pengane over tid. Er det teke utleggspant, må du som saksøkjar og panthavar vurdere om gjenstanden skal tvangsseljast.

Eit eventuelt tvangssal av pantet er ein ny prosess hos namsmannen, der du først må sende kravsmål om tvangssal til namsmannen.