Avgjerd i ei sak der partane vert einige om ei løysing.

Eit forlik er ein rettsleg bindande avtale.

Forliksrådet er førsteinstans i dei fleste sivile saker før partane eventuelt kan gå vidare til tingretten. Alle kommunar har eit forliksråd. Forliksrådet er ein meklingsinstans og domstol som har som hovudoppgåve å leggje til rette for at partane får løyst saka si enkelt og rimelig, anten ved mekling eller ved dom. Dei fleste sakene i forliksrådet dreier seg om usemje om gjeld i ulike samanhengar, særlig i samband med kjøp av varer og tenester.

Eit krav om betaling av gjeld kan leggjast fram for forliksrådet for å oppnå semje mellom partane, eller for å få fastslått ved dom at kravet er rettsgyldig.

Den som taper saka vert som regel dømd til å betale sakskostnadane, som er eitt rettsgebyr i tillegg til eventuelle advokat- eller inkassosalær for motparten.

Forliksrådet handsamar berre sivile saker, ikkje straffesaker.

Avgjerd om at partane kan ta saka vidare til tingretten. Viss forliksrådet ikkje kan eller ønskjer å avseie ein dom, kan forliksrådet innstille saka.

Den som sender inn forliksklagen (saksøkjar, kreditor).

Den som blir klaga inn i ei sak (saksøkte, debitor).

Den som har eit uteståande krav mot eit firma eller ein privatperson.

Dokument (protokoll) som inneheld avgjerdene frå namsmannen
i ei sak.

Namsmannen har ansvar for sikring og tvangsinndriving av pengekrav. Arbeidsoppgåvene til namsmannen vert vanlegvis utførte ved det lokale politikontoret.

På Svalbard fungerer sysselmannen som namsmann. I Oslo og større byar er det etablert særskilde namsfogdkontor, der namsfogden er namsmann.

Den som representerer ein part i sivile saker. Det kan vere ein advokat eller eit inkassobyrå.

Eit rettsleg verkty som ein brukar for å kome fram til ei rettsleg avgjerd, til dømes ein anke eller ei stemning.

Den som sender utleggskravsmål til namsmannen.

Den som får varsel om utleggsforretning frå namsmannen.

Eit krav om at klagemotparten må svare forliksrådet før ein fastsett frist. I tilsvaret må klagemotparten svare på om ein godtek kravet i klagen eller ikkje.

Sikring for eit pengekrav. Det finst to former for utlegg; utleggspant og utleggstrekk.

Eit brev som klagaren sender til namsmannen med krav om å få pant(sikring) i skyldnaren sine verdiar.

Seansen der namsmannen avgjer kva ein skal ta sikring i. Ei utleggsforretning skal anten utførast på namsmannen sitt kontor eller der
den saksøkte bur eller har forretningsadresse.

Avgjerd frå namsmannen om at ein arbeidsgjevar eller NAV skal trekkje ein fastsett sum frå skyldnaren si arbeidsinntekt eller trygd.

Når namsmannen tar pant (sikring) i saksøkte sine eigedelar
(til dømes fast eigedom, bil, båt eller anna) for saksøkjaren sitt krav.

Tre vilkår for fråværsdom:
1. Partane har fått forliksklagen med "pålegg om tilsvar" og/eller innkalling.

2. Klagemotparten har ikkje svart på tilsvar før fristen, eller har ikkje møtt til rettsmøte utan å kunne dokumentere eller sannsynliggjere at han har lovleg fråvær (til dømes med legeerklæring ved sjukdom).

3.Klagaren har bede om å få avsagt fråværsdom.