Viss du ikkje svarer eller svarer for seint, kan du få ein fråværsdom. Da må du gjere opp for deg innan to veker.

Slik sender du tilsvar til forliksrådet:

  1. Du må sende tilsvaret skriftleg med original signatur.
  2. I tilsvaret må du opplyse om du godtek kravet eller ikkje. Det er positivt om du òg fortel grunnen til svaret ditt, slik at forliksrådet betre kan forstå di side av saka.
  3. Tilsvaret sender du til det forliksrådet som har sendt brevet, som hovudregel forliksrådet i kommunen din. Adressa finn du i brevet.

Viss du godtek kravet:

Forliksrådet seier dom. Då får du pålegg om å betale kravet. Du kan likevel inngå avtale om nedbetaling viss klagaren er samd i det.

Viss du ikkje godtek kravet:

Både du og klagaren vert kalla inn til møte i forliksrådet.

Møtet med forliksrådet

I møtet med forliksrådet er målet semje (eit forlik) mellom partane. De kan til dømes verte samde om ein nedbetalingsplan. Viss partane ikkje vert samde, kan forliksrådet seie dom eller innstille saka. Viss saka vert innstilt, går ho vidare til tingretten.

Møteplikt

Både du som klagar og klagemotparten din har møteplikt så lenge de bur i same kommune eller i nabokommunen til forliksrådet. Bur de utanfor dette området, har de gyldig fråvær og kan sende nokon som kan stille i staden for dykk sjølve. Det kan også være andre grunnar til gyldig fråvær.

Uansett årsaken til fråværet er det viktig å varsle forliksrådet skriftleg og i god tid, slik at dei kan ta stilling til om de kan sende nokon i staden for dykk sjølve til møtet, eller om møtet må utsetjast. Fråværet må kunne dokumenterast.

Ulike utfall av handsaminga i forliksrådet

Semje (forlik)

Blir de einige, signerer de eit forlik - ein bindande avtale mellom partane på lik linje med ein rettskraftig dom. Det betyr at skyldnaren forpliktar seg til å innfri kravet på den måten de vart einige om i møtet.

Dom

  • Er tvistesummen over 125 000 kroner, kan forliksrådet berre avseie dom om begge partar er einige om det.
  • Er tvistesummen under 125 000 kroner, held det at ein av partane ber om at dom vert avsagt.
  • Vert de ikkje einige, går saka vidare i domsforhandling. Då avseier dommarane ein dom for lukka dører utan at de sjølve er til stades. Resultatet får de tilsendt per post.
  • Dersom klagemotparten har godteke kravet i tilsvaret, kan ein dom verte avsagt utan rettsmøte.

Får du ikkje dekka kravet ditt etter dette, kan du få hjelp av namsmannen.

Er du ueinig i utfallet av ein dom som forliksrådet har avsagt, kan dommen overprøvast ved at du tek ut stemning til tingretten.

Fråværsdom

Viss klagemotparten ikkje svarar på tilsvar før fristen eller ikkje møter i forliksrådet, kan rådet avseie ein fråværsdom. Dommen, som er lik det du har bede om i forliksklagen, seier då at kravet må innfriast innan to veker.

Innstilling

Dersom forliksrådet ikkje ønskjer eller ikkje kan avseie dom i ei sak, går saka til tingretten for handsaming der. Forliksrådet kan også innstille ei sak før møtet om ein av partane ber om det.

Du kan overprøve dommen

Du må overprøve dommen innan éin –1– månad frå du fekk vite om han.Du kan sende dommen til tingretten der du bur, og skrive at du ønskjer å få han overprøvd, kva slags endring du krev, og kva du meiner er feil ved avgjerda.Du kan alternativt gjere dette munnleg ved personleg oppmøte i tingretten eller ved hjelp av ein representant.

Viss du berre vil anke den delen av avgjerda som gjeld sakskostnader, rettsgebyr eller salærfastsetjing, gjeld dei same reglane.

Har du spørsmål om avgjerder i forliksrådet og korleis du kan få endra dei, kan du kontakte tingretten.

Rettsgebyr

Du må betale rettsgebyr for prøving i tingretten.

Viss du framleis ikkje innfrir kravet

Viss du har fått dom i forliksrådet, og du verken innfrir kravet eller tek ut stemning i tingretten, kan den som har kravet mot deg, krevje at namsmannen tek trekk i fast inntekt (utleggstrekk) eller pant i eigedelar (utleggspant).