Då får du varsel frå namsmannen om at han vil halde utleggsforretning viss du ikkje betaler kravet innan ein viss frist.

Betaler du kravet frå namsmannen innan fristen, med renter og kostnader, unngår du utleggsforretningen.

Utleggsforretning betyr at namsmannen kartlegg det du eig og vurderer om det er noko å ta i pant, slik at kreditor får pengane du skylder.

Namsmannen kan

  • påleggje arbeidsgjevaren eller NAV å trekkje eit beløp frå inntekta di kvar månad og overføre det til kreditoren.
  • ta pant i fast eigedom, eller i heimelsdokument viss du bur i burettslag.
  • ta pant i eigedelar som bil, båt eller campingvogn (formuesgjenstandar) og liknande.

Konsekvensane av å ikkje innfri kravet

Du får ein betalingsmerknad i lausøyreregisteret. Merknaden vil gjere det vanskeleg for deg å få nye lån, kredittar, mobilabonnement eller andre abonnement.

Når du har gjort opp heile kravet, vert betalingsmerknaden sletta. Ein merknad om «ingenting å ta utlegg i»– at namsmannen ikkje har funne noko å ta utlegg i – vert sletta etter tre år.

1. Viss namsmannen gjer trekk i inntekt (utleggstrekk)

Du har rett til å behalde så mykje av inntekta at det dekkjer det som er rimeleg til underhald av deg og huslyden din. Satsane for livsopphald fastsettes av Barne- og likestillingsdepartementet.

Namsmannen fastset kor mykje som skal trekkjast, og når det skal skje. Arbeidsgjevaren eller NAV vert pålagd å utføre trekka, og dei står ansvarlege viss det ikkje skjer. Trekkperioden skal normalt ikkje overstige to år rekna frå dagen for avgjerda om utleggstrekk.

Gjeld trekket bøter, skatt eller bidrag, kan trekkperioden vere lengre enn to år.

Er ikkje kravet nedbetalt i løpet av trekkperioden, må kreditoren sende kravsmål om utlegg på nytt for å dekkje resten av kravet mot saksøkte.

Klage på utleggstrekk

Viss du meiner at du blir trekt for mykje i lys av andre utgifter du har, kan du klage til namsmannen så lenge trekkperioden ikkje er over.

Treng du heile inntekta di til naudsynt livsopphald og heller ikkje har eigedelar å ta pant i, vert kravet ståande til gjelda vert betalt. Då kan kreditor forsøke med ny utleggsforretning eller kravet vert forelda (ti år etter avgjerda om utleggstrekk).

2. Pant i eigedom eller heimelsdokument (utleggspant)

Er du gift, sambuar eller lever i partnarskap, kan utlegg takast i ein ideell halvdel av felles bustad som de har skaffa dykk, viss ikkje eit anna eigeforhold vert sannsynliggjort. At bare den eine er registrert som eigar, treng ikkje vere nok til å sannsynliggjere einerett.

3. Pant i eigedeler (utleggspant)

Det kan takast pant i eigedelar som kan seljast, leigast ut eller gjerast om til pengar, til dømes campingvogn, motorsykkel, båt eller bil (formuesgode) så sant du eig dei.

4. Trekk i inntekt og pant i eigedom eller eigedelar

Namsmannen kan òg ta trekk i løn og pant i fast eigedom eller formuesgode i same sak som ekstra sikring.

Slik svarer du på varsel om utleggsforretning

Det er vanleg at namsmannen legg ved eit skjema du skal returnere i utfylt stand; bruk det.

I tillegg til personopplysningar, hugs òg inntekt og utgifter.Gje korrekte opplysningar om økonomien din. Då vil eit eventuelt trekk i inntekt ikkje verte større enn at du òg får dekt kostnadane til naudsynt livsopphald.

Du kan kontakte namsmannen viss det er noko du ikkje forstår. Kontaktinformasjon finn du i brevet du fekk.

Namsbok

Avgjerder i saka blir registrerte i namsboka.