Skal du flytte til utlandet? Då må du søke om lov til å ta med deg registreringspliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon ut av Noreg.

Dette må du ha med deg:

  • godkjent løyve frå politiet
  • våpenkort
  • gyldig legitimasjon

Du må levere godkjent løyve til Tolletaten når du reiser. Hugs at løyvet berre gjeld for å ta med våpen ut av Noreg.

Slik søker du