Vil du ta inn våpen til Noreg? Er du privatperson, må du søke om våpenløyve og innførselsløyve.

Skal du importere skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for sal og næringsverksemd? Då må du ha importløyve og bevilling til å drive handel frå politiet. Vi kallar slik import for ervervsmessig import. Denne typen import er regulert i våpenlova og våpenforskrifta.

  1. Søk politiet om våpenløyve – det skal stå klart i søknaden at du skal kjøpe våpenet i utlandet og ta det med til Noreg.
  2. Fyll ut to eksemplar av søknadsskjemaet.
  3. Du får innførselsløyve når politiet har skrive under på dei to søknadsskjemaa.
  4. Skal du reise og hente våpenet sjølv? Hugs at du må ta med
    • gyldig våpenløyve eller innførselsløyve frå politiet
    • gyldig legitimasjon – i utlandet må du ha med pass
  5. Sjekk om du har lov til å ta våpenet ut av landet du kjøper det i. Det vil seie eksportløyve. Sjekk også om du oppfyller vilkåra for dette.
  6. Gå på raud sone i tollen når du kjem heim. Det må du uansett om våpenet er under eller over verdigrensa. Verdigrensa er det ei vare kan koste, før du må betale toll og avgifter.
  7. Tolletaten skal ha begge eksemplara av våpenløyvet eller innførselsløyvet. Tolletaten skriv ned i løyva kva for våpen du tar inn i landet. Deretter skriv tolletaten under på løyva. Du må ta vare på eitt av eksemplara. Det andre sender tolletaten til politimeisteren i distriktet ditt.

Det kan vere du må betale toll og avgifter når du importerer skytevåpen. Du kan lese meir om dette på nettsidene til tolletaten.

For å drive handel med våpen, våpendelar og ammunisjon må du

  • ha bevilling
  • vere fylt 18 år
  • ha god vandel
  • ha minst to års erfaring frå ei våpenforretning
  • ha forretningslokale som oppfyller krava i paragraf 42 i våpenforskrifta

Slik søker du om bevilling

  1. Fyll ut skjemaet under og skriv det ut. Du kan ikkje sende skjemaet på e-post.
  2. Legg ved dokumentasjon.
  3. Send søknaden i posten til politidistriktet der føretaket ditt ligg.

Både politiet og brannvesenet kan kome til forretningslokala. Politiet og brannvesenet sjekkar då at våpena og ammunisjonen kjem til å bli oppbevart i samsvar med forskriftene.

Last ned søknadsskjemaet

Finn opningstider og kontaktinformasjon

Posisjonen din
  1. Posisjonen din
1 Resultata er klare. Bruk piltastane eller sveip for å gå opp og ned.