Slik søker du

Les meir om våpenreglane

For å kunne ha eit registreringspliktig våpen må du ha løyve frå politiet. Dette gjeld også våpendelar og våpenimitasjonar som ein lett kan bygge om og bruke med skarp ammunisjon.

Når ein ny eigar tar over eit våpen, må han eller ho søke om løyve. Dette gjeld også hagler som er lovleg skaffa før 1. oktober 1990.

Hagler

Du må registrere alle magasinhagler (pumpehagler og halvautomatiske hagler) som er laga frå og med 1890. Dette gjeld med mindre det er gjort spesielle unntak i lover eller forskrifter.

Luftvåpen og fjørvåpen

Du må ha løyve for å skaffe deg luftvåpen og fjørvåpen med grovare kaliber enn 4,5 mm.

Du treng ikkje løyve for luftvåpen og fjørvåpen med mindre kaliber. Men du må ha fylt 18 år. Du kan søke om unntak frå aldersgrensa når du fyller 16 år.

Paintballvåpen og softgun

Du treng ikkje registrere paintballvåpen og softgun. Du kan kjøpe desse utan løyve viss du er over 18 år.

Politiet kan gi dispensasjon viss du har fylt 16 år. Då må du ha vore aktiv medlem i eit skyttarlag eller ein skyttarklubb i minst seks månader.

Du må oppbevare registreringspliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på ein sikker måte. Du må ha dei i eit FG-godkjent våpenskap på den faste adressa di. Dette for å hindre at uvedkomande får tilgang til dei.

Du skal ikkje oppbevare skytevåpen i ein bustad det ikkje bur nokon i. Dette gjeld for eksempel fritidsbustader, hytter, garasjar og uthus.

Du må ikkje ha våpenskap viss du oppbevarer skytevåpen i ein kortare periode. Det kan for eksempel vere under jakt. Men våpenforskrifta krev at du oppbevarer både våpen og ammunisjon under forsvarleg tilsyn. Våpenet må også vere tømt for ammunisjon og dekt til når du fraktar det. Viss du må gå frå våpenet utan tilsyn: Du må ta med deg ein viktig del av våpenet, slik at det ikkje fungerer. Det same gjeld for våpen du har i bil.

Politiet kan sjekke at du oppbevarer skytevåpenet etter retningslinene i våpenforskrifta.

Treng du fleire skytevåpen? Då må du dokumentere kvifor du treng dei. Dokumentasjonen avgjer kor mange våpen du kan ha.

Ein jeger kan trenge fleire våpen til ulike typar jakt. Du kan skaffe deg inntil seks komplette skytevåpen til jakt. Ein konkurranseskyttar kan også trenge fleire våpen. Det kjem an på kva du konkurrerer i. Det kjem også an på kva for godkjend skyttarorganisasjon du er knytt til.

Les meir om krava til kva som er gyldig grunn:

Nokre typar våpen er forbodne. Det same gjeld farlege gjenstandar som kan bli brukte til vald, og som lett kan skade folk.

Strafferamma for å ha ulovleg våpen er fengsel i to år. I grove tilfelle er strafferamma seks år. Du kan altså kome i fengsel viss du har ulovlege våpen.

Det er for eksempel forbode å ha

  • elektrosjokkvåpen
  • sprettert
  • peparspray og andre middel for sjølvforsvar som verkar på omtrent same måte
  • springknivar
  • slåsthanskar
  • batongar
  • karatepinnar
  • kastestjerner
  • særleg farlege gjenstandar og valdsprodukt

Les meir om ulovlege våpentypar

Berre godkjende børsemakarar kan deaktivere skytevåpen. Det blir gjort etter bestemte retningsliner og kontrollert av politiet.

Last ned