Elektronisk faktura og fakturaadresse

Politi- og lensmannsetaten krev elektronisk faktura og kreditnota i såkalla Elektronisk handelsformat (EHF) frå dei som leverer varer og tenester til oss. For meir informasjon om elektronisk faktura, sjå DFØ si nettside.

Har ikkje verksemda di eit system for å generere faktura? Eller kan du ikkje sende faktura gjennom EHF? Då kan du bruke ein nettbasert fakturaportal. Les meir om fakturasystem som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF).

Du kan også sende faktura i posten til fakturamottaket vårt:

Namn på politidistriktet/eininga
Fakturamottak DFØ
Postboks 4722 Torgarden
7468 Trondheim

Slik merker du fakturaen

Vi ønsker å behandle fakturaar effektivt og betale dei innan fristen. Det er derfor svært viktig at du merker fakturaane riktig.

  • Du må merke alle fakturaar med ein BID-referanse. Politiet sitt referansenummer består av tre bokstavar og tre tal, for eksempel TSA065. Har du ikkje fått denne referansen? Då må du be om dette før du sender faktura.
  • For elektronisk faktura skal BID leggjast i feltet: AccountingCustomerParty/Party/Contact/ID. 
  • Politiet ber om ei kredittid på 30 dagar. Det må til for at vi skal kunne betale fakturaen innan fristen. For sein betaling kan også skje viss det manglar noko i fakturaen.

Meir informasjon om fakturering

Skal du sende ein kreditnota til oss? Då ber vi om at du viser til det fakturanummeret som kreditnotaen høyrer til.

Ring oss på telefonnummer 61 31 80 80 eller send ein e-post til regnskap.pft@politiet.no

Manglar du referanse til fakturaen? Då må du ta kontakt med det aktuelle politidistriktet eller særorganet.

Politiet ynskjer berre opplysningar som er naudsynt for føremålet på fakturaen. Unngå bruk av namn og personnummer. Vis til straffesaksnummer der dette er oppgitt. Om straffesaksnummer ikkje er tilgjengeleg, kan initialar og fødselsdato til den aktuelle personen påførast faktura.