Det indre sikkerheitsfondet er ei av EU sine ordningar for økonomisk støtte i perioden 2014–2020. Formålet med Det indre sikkerheitsfondet (ISF) er å

  • bidra til at EU sin plan for sikkerheit blir gjennomført på ein god måte
  • bidra til felles forvalting av yttergrensene i EU

Målet til fondet er at Schengen-området skal vere svært trygt. Men det skal samtidig vere enkelt å reise til og frå. For å få til dette har EU laga målsettingar for grensekontroll og visum.

Vil du vite meir om korleis fondet blei starta?

Her kan du lese rettsakta om Det indre sikkerheitsfondet: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 515/2014 om opprettinga av ISF – Borders and Visas av 16. april 2014 (eur.lex.europa.eu).

Det finst ingen bestemt måte å søke midlar på. Forslag til nye prosjekt blir lagde fram og prioriterte av ei arbeidsgruppe. Denne gruppa består av representantar frå Politidirektoratet, Utanriksdepartementet og Utlendingsdirektoratet.

For å få støtte må eit prosjekt vise til at det støttar måla og prioriteringane i det nasjonale programmet. Kostnadene til prosjektet må ha kome mellom 2014 og 2022.

Det nasjonale programmet beskriv det som norsk politi og Utanriksdepartementet skal gjere innan fagfelta grenser og visum i perioden 2014–2020. Dette arbeidet er finansiert av midlar frå Det indre sikkerheitsfondet.

Politiet har ansvar for kontroll og overvaking av grenser. Utanriksdepartementet har ansvar for det som har med visum å gjere.

Her kan du lese meir om Noreg sitt nasjonale program for Det indre sikkerheitsfondet 2014–2020 (PDF).

Midtvegsevaluering av Det indre sikkerheitsfondet i EU

I 2017 evaluerte vi gjennomføringa av Det indre sikkerheitsfondet (ISF) i Noreg. Hovudformålet med evalueringa er å sjå

  • kor langt prosjekta som er finansierte av ISF, har kome
  • resultata vi har fått halvvegs i fondsperioden
  • om det er sannsynleg at vi når dei overordna måla i det fleirårige, nasjonale programmet for ISF

Vidare skal evalueringa gi eit bilete på kva for verdi resultata av prosjekta har for Noreg og EU.

Her kan du lese midtvegsevalueringa av Det indre sikkerheitsfondet i EU (ISF) (PDF)

Prosjekta om grensekontroll

Desse prosjekta skal bidra til god kontroll av yttergrensene. Eit eksempel på dette kan vere å legge til rette for meir internt samarbeid om kontroll av grensene i Schengen-området. Dette skal gjere det lettare å stoppe ulovleg innvandring. Samtidig skal det vere enkelt å krysse grensa for folk som reiser lovleg.

Prosjekta om visumsamarbeid

Desse prosjekta skal bidra til ein felles politikk for visum. Dei skal gjere det enkelt å reise lovleg til Schengen-land. For å få til dette må

  • søknader om visum til Schengen bli behandla effektivt
  • servicen til dei som søker visum, vere av høg kvalitet
  • borgarar frå land utanfor Schengen bli behandla likt

Kva for prosjekt har fått støtte frå fondet?

Kompetanse, kvalitet og tilgjengelegheit for visumsøkarar

Dette prosjektet fører vidare satsinga frå 2016. Utanriksdepartementet vil jobbe vidare med ei rekke tiltak. Målet er å handtere den auka mengda søknader om visum på ein effektiv måte, sikre god service til dei som søker visum og sørge for at saksbehandlinga er av god kvalitet. 

  • Støttemottakar: Utanriksdepartementet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 14,8 millionar kroner

Kompetanseløft for grensekontrollen

Prosjektet skal gjennom målretta opplæringstiltak bidra til å heve og jamne ut kompetansen i den norske grensekontrollen og sørgje for at denne er ut frå standardane satt i mellom anna Sectoral Qualifications Framework for Border Guarding (SQF) og Common Core Curriculum – EU Border Guard Basic Training (CCC) som er utvikla av EU sitt grensebyrå Frontex. Målgruppa for opplæringa er tilsette i politiet som har grensekontroll som primæroppgåve eller som har grensekontroll som ein del av tenesta si. Opplæringstiltaka vil i tillegg til kunnskap om utføring av grensekontroll bidra til auka fokus på og auka kompetanse om grensekryssande kriminalitet, mellom anna menneskehandel/menneskesmugling, og sikre informasjonsflyt og samarbeid mellom relevante aktørar innan grensekontrollen, mellom anna tolletaten. Prosjektet består av fleire delprosjekt som omfattar problemstillingar knytt til grensekontroll på luftgrensa, sjøgrensa, landegrensa og samarbeidet politi-toll. I tillegg til Nasjonalt Kompetansesenter Grensekontroll ved Oslo Lufthamn, vil også Politihøgskulen være bidragsytar i prosjektet.

  • Støttemottakar: Politidirektoratet/Øst politidistrikt v/Nasjonalt Kompetansesenter Grensekontroll
  • Prosjektstøtte frå ISF: 2,3 millionar kroner

Utstyr for mobil grense- og territorialkontroll (GTK-koffertar)

Prosjektet skal levere mobilt utstyr slik at politiet kan utføre grense- og territorialkontroll også der kor det ikkje er ressurseffektivt å setje opp permanente installasjonar for kontroll.

Grensekontroll er ei grunnleggjande, nasjonal oppgåve som skal sørgje for indre sikkerheit i Schengen-området. Bruk av GTK-koffertane vil auke politiets operasjonelle effektivitet sidan grensekontrollen kan gjennomførast på sjølve grenseovergangsstaden. Betre moglegheiter for effektiv grensekontroll vil blant anna gi betre kvalitet i grensekontrollen, færre personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, samt målretta førebygging av kriminalitet og terrorisme.

GTK-kofferten blir eit supplement til andre mobile løysingar, slik som grensebilane og GTK-appen på Android smarttelefon.

  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 3,6 millionar kroner

Nytt inn- og utreisesystem – Entry-Exit System (EES)

Som ein del av EU si integrerte grenseforvaltning (Integrated Border Management – IBM) er det eit krav at alle Schengen-landa, inkludert Noreg, etablerer eit nytt, felleseuropeisk, elektronisk inn- og utreisesystem – Entry/Exit System (EES). Systemet vil blant anna erstatte stempling av pass ved passering av Schengen-grensa.

Systemet er initiert av EU for å kunne møte aukande truslar mot indre sikkerheit i Schengen og utfordringar knytte til aukande migrasjon. EES inneber eit meir omfattande kontrollregime på yttergrensa.

Innføringa av EES vil føre til utviklingsbehov i nasjonale system, auka bemanningsbehov, auka kompetansebehov, behov for investeringar i nytt utstyr, samt organisatoriske endringar og endringar i arbeidsprosessar. I følgje framdriftsplanar i EU sitt IT-byrå, eu-LISA, skal EES settast i produksjon i oktober 2021.

  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 127 millionar kroner

Advanced Passenger Information (API)

API-direktivet frå 2004 skal hindre ulovleg immigrasjon og forbetra grensekontroll. Dette direktivet er Schengen-relevant og difor forpliktande for Noreg. Dette prosjektet skal implementere API-direktivet slik at Noreg varetek sine internasjonale forpliktingar.

Prosjektets viktigaste leveransar er: Nyoppretta organisasjon for førehandskontroll av passasjerdata bemanna med riktig kompetanse og kapasitet, tilhøyrande arbeidsprosessar og IKT-verktøy som understøttar arbeidsprosessane. API-organisasjonen vil sørgje for innsamling av passasjerdata frå kommersielle flyselskap, og disse vil bli kontrollert og analysert før flypassasjerane kjem til grensekontrollen på norske flyplassar.

Betre planlegging og ressursdisponering og meir målretta, kunnskapsbasert og risikobasert grensekontroll vil vere blant gevinstane frå prosjektet.

  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 22,5 millionar kroner

SIS Recast

Schengen Information System (SIS) er den største og mest brukte plattforma i Europa for informasjonsdeling innafor områda sikkerheit og grensekontroll. SIS er eit kompenserande tiltak for bortfall av indre grensekontroll. Systemet bidreg til å oppretthalde eit høgt nivå av sikkerheit innanfor Schengen-området ved å støtte operasjonelt samarbeid mellom relevante myndigheiter i medlemslanda.

EU har vedteke endringar i regelverket for SIS. Dette prosjektet skal sørgje for å implementere det nye regelverket nasjonalt. Blant anna vil endringane styrke informasjonsutvekslinga og samarbeidet mellom Schengen-landa og auke kvaliteten på informasjonen som blir registrert i SIS. Dette vil betre og styrke politiets evne i kriminalitetsførebygging, kampen mot alvorleg, grensekryssande kriminalitet, kampen mot terror og utfordringar knytt til auka migrasjon gjennom forbetra grense- og territorialkontroll.

  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 16,4 millionar kroner

Anskaffing av bilar til grensekontroll og grenseoppgåver

Prosjektet skal skaffe fem grensebilar for å gje politiet kapasitet til auka kontroll av sjøgrensa, mellom anna ut frå Grenseforordninga artikkel 8 som seier at alle personar ved inn- og utreise skal gjennomgå ein minimumskontroll for å fastslå identitet på grunnlag av framvising av reisedokument. Det skal skaffast ein grensebil til høvesvis Sør-Øst, Agder, Nordland, Troms og Finnmark politidistrikt som har stort areal, mange hamner kor skip går innom og behov for mobil kontrollkapasitet. Bilane kan også støtte kontrollverksemd på territoriet. Vidare skal prosjektet skaffe ein bil til Grensekommissariatet for å sikre tilstrekkeleg kapasitet til å ta hand om oppgåver i begge grenseteigane og andre oppgåver knytt til etterleving av Grenseavtalen mellom Noreg og Russland.

  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 3,9 millionar kroner

Utbetringar i Schengen Information System (SIS)

SIS er eit elektronisk informasjonssystem kor etterlyste personar og stolne gjenstandar registrerast som eit hjelpemiddel i blant anna grensekontroll. SIS gjer informasjon om personar som ikkje har rett til innreise eller opphald i Schengen-området.

Noreg er gjennom Schengen-medlemsskapet forplikta til å etterleve gjeldande regelverk for samarbeidet. Det gjerast jamne evalueringar i regi av EU-kommisjonen for å sikre at medlemsstatane har implementert regelverket korrekt. Slike Schengen-evalueringar skjer på fleire områder i samarbeidet. I oktober 2017 blei Noreg evaluert på området SIS/SIRENE. Resultatet var ei rekke pålegg om utbetringar som må gjerast i dei aktuelle, nasjonale applikasjonane.

Dette prosjektet skal gjennomføre dei nødvendige utbetringane i porteføljen av applikasjonar knytte til SIS, gjere det teknisk mogleg for Noreg å auke bruken av funksjonaliteten for fingeravtrykk som ligg i SIS (SIS AFIS) og slik sikre betre etterleving av Schengen-regelverket.

  • Støttemottakar: Politiets IKT-tenester
  • Prosjektstøtte frå ISF: 2,7 millionar kroner

G3kko GTK – nytt system for grense- og territorialkontroll

Vi har utvikla grensekontrollsystemet (GK) vårt vidare. Det er nå eit grense- og territorialkontrollsystem (GTK) gjennom prosjektet G3kko GTK. GTK gir rask og sikker tilgang til informasjon om identitet og status for personar som skal reise inn til eller ut av Schengen-området. I tillegg gir det same informasjon ved kontroll av personar som har kome inn i landet. Dette kallar vi territorialkontroll. Politiet kan bruke systemet på mobile plattformer. Det kan også kommunisere med anna utstyr. Eksempel på slikt utstyr er dokumentlesarar og fingeravtrykklesarar. Resultata av prosjektet er nødvendig grunnlag for andre prosjekt. Eit eksempel er prosjektet «Mobile einingar for personkontroll».

  • Prosjektet blei avslutta 31. desember 2017.
  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 31,8 millionar kroner

Mobile einingar for personkontroll

Prosjektet leverer ein app, mobile einingar (mobiltelefonar) og eventuelt anna verktøy. Samla gjer dette at vi kan gjennomføre kontroll av personar der og då. Kva gjer vi når vi kontrollerer personar? Vi sjekkar ID og at personen har rett til å passere grensa og rett til å vere i landet. Målgruppa er dei som jobbar med grensekontroll eller territorialkontroll av utlendingar, og som er utanfor ein fast kontrollstad. Vidare legg prosjektet til rette for god opplæring og øving. Dette skjer gjennom ein opplæringsversjon av appen.

  • Prosjektet blei avslutta 31. desember 2018.
  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 19,3 millionar kroner

Automated Biometric Identification System (ABIS)

ABIS gir politiet eit godt verktøy for lagring, effektive søk og identifisering av biometriske data (fingeravtrykk og foto). I tillegg bidrar det til å støtte opp under politiet sitt hovudmål om å førebygge og halde kriminaliteten nede. Identifisering av spor og ID-kontroll er viktige delar av dette arbeidet.

  • Prosjektet blei avslutta 31. desember 2017.
  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 9,9 millionar kroner

Kartlegging av utstyr og heving av kompetanse i grensekontrollen

Prosjektet har vore med på å heve kompetansen hos dei tilsette i grensekontrollen. Dei tilsette har fått opplæring hos Kompetansesenteret for grensekontroll ved Oslo lufthamn. Vi har også kartlagt behovet for kompetanse i tida framover. Elles omfatta prosjektet førebuingar til Schengen-evalueringa av Noreg. Denne blei gjennomført hausten 2017.

  • Prosjektet blei avslutta 31. desember 2017.
  • Støttemottakar: Politidirektoratet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 0,5 millionar kroner

Kompetanse, kvalitet og tilgjengelegheit for visumsøkarar – 2016

Utanrikstenesta behandlar årleg stadig fleire søknader om visum til Schengen. Dette krev at saksbehandlinga må vere effektiv, sjølv i kompliserte saker. I dette prosjektet gjorde Utanriksdepartementet ei rekke tiltak. Målet var å handtere den auka mengda søknader om visum på ein effektiv måte, sikre god service til dei som søker visum og sørge for at saksbehandlinga er av god kvalitet.

  • Prosjektet blei avslutta 31. desember 2016.
  • Støttemottakar: Utanriksdepartementet
  • Prosjektstøtte frå ISF: 3,7 millionar kroner

Logo for EU og ISF
EU og ISF