Dette er fordelane ved å sende og legge fram dokument i straffesaker digitalt:

  • raskare tilgang til dokumenta i saka
  • betre kvalitet på bevismateriale som blir lagt fram for domstolane
  • sparer tid og pengar i store saker

Slik får du digital tilgang til dokument

Politiet sender saksdokument gjennom Altinn. Du må vere brukar av meldingstenesta «Straffesaksforsendelse» i Altinn for å kunne ta imot slike dokument.

Det er i hovudsak domstolar, forsvararar og bistandsadvokatar som får dokument i straffesaker. Vi identifiserer desse verksemdene ved hjelp av organisasjonsnummeret eller bedriftsnummeret deira. Verksemdene vel sjølv kven som skal få tilgang til slike dokument på deira vegner.

Tenesta «Straffesaksforsendelse» kan sende dokument til:

  • aksjeselskap (AS)
  • allmennaksjeselskap (ASA)
  • enkeltpersonføretak (ENK)

Har du ein annan selskapstype? Då kan du kontakte prosjektet på politidirektoratet@politiet.no. Vi hjelper deg med å finne ut om du kan bli brukar av tenesta.

Nokre verksemder har fleire organisasjonsledd, for eksempel dotterselskap. Skal vi då sende dokumenta til hovudverksemda? Eller til kvart enkelt dotterselskap? Det må verksemda sjølv bestemme. Som mottakar må du deretter gi politiet beskjed om at du er klar til å få dokumenta digitalt.

Slik får du meldingar om dokument i straffesaker

Kva er digitale fengslingar?

Digitale fengslingar krev ikkje at domstolen har skjermar eller anna digitalt utstyr. Dommaren og forsvararen har på førehand fått ei digital sak. Dei må ha med denne saka i retten. Forhandlingane skjer elles på vanleg måte.

Kva er digitale hovudforhandlingar?

Kvar enkelt domstol bestemmer om ei hovudforhandling eller ankeforhandling skal bli gjennomført digitalt.

Digital hovudforhandling krev at domstolen har ein rettssal med teknisk utstyr. Dette kan vere pc, felles skjermar og anna. Det kan variere kor mykje teknisk utstyr ein faktisk må ha. Domstolane har ansvaret for å installere og bruke det tekniske utstyret i rettssalane.

Påtalemyndigheita har ansvaret for å lage den digitale straffesaka. Det er også påtalemyndigheita som må sende saka til forsvararen og bistandsadvokaten. Påtalemyndigheita betyr politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten. Dokumenta blir også sende digitalt til domstolen og advokatane. Under hovudforhandlinga blir dokumenta vist på felles skjermar.

Kva er digitale domstolar? (domstol.no)

Kva går prosjektet ut på?

«Digitale aktorat og fengslingar» er eit prosjekt i Politidirektoratet. Det er ein naturleg del av politiet sin strategi for auka digitalisering. Prosjektet skal levere løysingar for digitalisering av straffesaker. Slik kan vi sende sakene digitalt til domstolar og advokatar. Vi kan også presentere sakene digitalt i fengslingsmøte og ved hovudforhandlingar og ankeforhandlingar.

Prosjektet gir politiet og påtalemyndigheita informasjon om og opplæring i bruken av tenesta. Vi har i tillegg tett dialog med domstolar, advokatar og andre samarbeidspartnarar.

Vil du kontakte prosjektet?

E-post: politidirektoratet@politiet.no