Kva skal politiet gjere?

  • Vi skal styre etter ein «Reguleringsplan for digitale løysingar». Denne planen omfattar informasjon, applikasjonar, teknologi og infrastruktur og sikkerheit.
  • Vi skal levere fleire IKT-funksjonar gjennom stadig utvikling av produkt. Tidlegare har dette blitt gjort gjennom prosjekt. Det skal det bli mindre av.
  • Vi skal utvikle meir sjølve. Det gjeld særleg innan område vi kan mykje om.
  • Vi skal bli flinkare til å velje leverandørar. Slik kan vi redusere behovet for investeringar og få betre kontroll på kostnadene.
  • Vi skal utnytte teknologiske nyskapingar på ein meir systematisk måte.
  • Vi skal vurdere sikkerheita ved kjøp av tenester etter "føre var"-prinsippa.
  • Vi skal revidere styringsmodellen for IKT i politiet.
  • Vi skal gjere nødvendige endringar innan kompetanse og organisering i IKT-funksjonen.